Norges Bank

Setlar 1877–1901 (utgåve I)

Med «Lov om Pengevæsenet af 17de April 1875» blei speciedalar og skilling erstatta av kroner og øre. Det måtte derfor trykkjast nye setlar.

Oscar II-serien innleidde rekkja av moderne norske setlar, for første og einaste gong med kongen sitt portrett på framsida. Setlane blei produserte på kvitt papir og utførte i kopartrykk og fleirfarga boktrykk. Teikningane til kopartrykka blei utførte av arkitekt Eilert Chr. Christie i Trondheim, mens Saunders i London leverte papir og gravyrar.

Til å begynne med blei framsidene trykte London, mens baksidene blei trykte ved trykkjeriet til Noregs Bank i Trondheim, men i 1891 skaffa Noregs Bank seg ei kopartrykkpresse. Frå det same året blei papiret levert av den svenske riksbanken sitt trykkjeri i Tumba ved Stockholm. Kvar enkelt setel blei datert og signert for hand.

5-kronesetel

Utgitt 1877–1901, ugyldig frå 13.07.1998. Antal: 40 900 000. Format: 135 x 78 mm.

5-kroneseddel, forside

Framside: Kong Oscar II.

5-kroneseddel, bakside

Bakside: Stilisert vikingkonge til venstre, krona riksvåpen til høgre.

10-kronesetel

Utgitt 1877–1901, ugyldig frå 13.07.1998. Antal: 28 900 000. Format: 135 x 78 mm.

10-kroneseddel, forside

Framside: Kong Oscar II. Krona riksvåpen omgitt av våpena til stiftsstadene (sjå under 1000-kronesetelen, bakside) til høgre.

10-kroneseddel, bakside

Bakside: Stilisert vikingkonge til venstre, krona riksvåpen til høgre.

50-kronesetel

Utgitt 1877–1901, ugyldig frå 13.07.1998. Antal 1 800 000. Format: 156 x 135 mm.

50-kroneseddel, forside

Framside: Kong Oscar II.

50-kroneseddel, bakside

Bakside: Stilisert vikingkonge til venstre, krona riksvåpen til høgre.

100-kronesetel

Utgitt 1877–1901, ugyldig frå 13.07.1998. Antal: 1 300 000. Format: 156 x 135 mm.

100-kroneseddel, forside

Framside: Kong Oscar II.

100-kroneseddel, bakside

Bakside: Stilisert vikingkonge til venstre, krona riksvåpen til høgre.

500-kronesetel

Utgitt 1877–1901, ugyldig frå 13.07.1998. Antal: 500 000. Format: 234 x 135 mm.

500-kroneseddel, forside

Framside: Kong Oscar II til venstre.

500-kroneseddel, bakside

  Bakside: Stilisert vikingkonge til venstre, krona riksvåpen til høgre.  

1000-kronesetel

Utgitt 1877–1901, ugyldig frå 13.07.1998. Antal: 85 000. Format: 234 x 135 mm.

1000-kroneseddel, forside

Framside: Kong Oscar II. Våpena til stiftsstadene Christiania, Bergen og Hamar til venstre og Trondheim, Kristiansand og Tromsø til høgre.

1000-kroneseddel, bakside

Bakside: Stilisert vikingkonge til venstre, krona riksvåpen til høgre.

Publisert 26. januar 2006 14:54
Publisert 26. januar 2006 14:54