Norges Bank

Setlar 1948–1976 (utgåve IV)

Arbeidet med denne setelutgåva blei påbegynt før 2. verdskrigen. Det blei halde ein kunstnarkonkurranse i 1930 om utforminga av ei ny setelutgåve, men krigen sette ein stoppar for å realisere henne. Ingen av dei premierte utkasta blei rekna som eigna til formålet, og arkitekt Arnstein Arneberg blei derfor engasjert som kunstnarisk medarbeidar.

Planen for utgåva var at framståande nordmenn frå nyare tid skulle portretterast, og at baksidene skulle illustrere dei viktigaste næringsvegane. Gravyrane til 10- og 100-kronesetlane blei utførte av firmaet Thomas de la Rue i London før krigen, mens dei andre setlane i serien blei graverte av Henry Welde, grafikar ved seteltrykkjeriet til Noregs Bank.

5-kronesetel

Utgitt 1955–1963, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 110 770 000. Format: 125 x 70 mm. 

5-kroneseddel, forside

Framside: Portrett av Fridtjof Nansen.

5-kroneseddel, bakside

Bakside: Fiskevær i Lofoten etter måleri av Axel Revold.

10-kronesetel

Utgitt 1954–1973, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 654 400 000. Format: 125 x 70 mm.

10-kroneseddel, forside

Framside: Portrett av Christian Michelsen etter kolteikning av Erik Werenskiold.

10-kroneseddel, bakside

Bakside: Merkur gåande mot høgre og to skip i fart etter teikning av Henrik Sørensen.

50-kronesetel

Utgitt 1950–1965, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 53 450 000. Format: 144 x 127 mm.

50-kroneseddel, forside

Framside: Portrett av Bjørnstjerne Bjørnson etter måleri av Erik Werenskiold. Krona riksvåpen i midten.

50-kroneseddel, bakside

Bakside: Attgiving av Hugo Lous Mohrs Kornskurden, omarbeidd av kunstnaren.

100-kronesetel

Utgitt 1949–1962, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 81 710 000. Format: 144 x 127 mm.

100-kroneseddel, forside

Framside: Portrett av Henrik Wergeland. Krona riksvåpen i midten.

100-kroneseddel, bakside

Bakside: Attgiving av Erik Werenskiolds Lensekara.

500-kronesetel

Utgitt 1948–1976, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 6 964 000. Format: 216 x 127 mm.

500-kroneseddel, forside

Framside: Portrett av matematikaren Niels Henrik Abel etter teikning av Johan Gørbitz. Krona riksvåpen i midten.

500-kroneseddel, bakside

Bakside: Industrimotiv laga spesielt for setelen av Reidar Aulie.

1000-kronesetel

Utgitt 1949–1975, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 5 936 000. Format: 216 x 127 mm.

1000-kroneseddel, forside

Framside: Vignett med portrett av Henrik Ibsen.

1000-kroneseddel, bakside

Bakside: Edvard Munchs Historien frå Universitetsaulaen i Oslo.

Publisert 26. januar 2006 14:54
Publisert 26. januar 2006 14:54