Setlar 1962–1987 (utgåve V)
Planlegginga av denne utgåva blei påbegynt i 1955, like etter at 5-kronesetelen i utgåve IV var sett i omløp.
100- og 50-kronesetlane blei graverte ved Bradbury & Wilkinson i London, dei andre blei graverte ved seteltrykkjeriet til Noregs Bank, der grafikarane Knut Løkke-Sørensen (framsidene) og Henry Welde (baksidene) delte arbeidet mellom seg.
5-kronesetelen blei erstatta av ein mynt i 1963, og 10-kronesetelen blei dermed den minste setelen i denne rekkja. Denne «arva» blåfargen frå dei gamle 5-kronesetlane; alle dei andre norske 10-kronesetlane er gule.
10-kronesetel
Utgitt 1972–1984, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 744 900 000. Format: 124 x 66 mm.
Framside: Portrett av Fridtjof Nansen, i midten vignett med krona riksvåpen.
Bakside: Nils Flakstads skulptur Fiskeren framfor skip og kraner.
50-kronesetel
Utgitt 1966–1983, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 148 320 000. Format: 145 x 73 mm.
Framside: Portrett av Bjørnstjerne Bjørnson, i midten vignett med krona riksvåpen.
Bakside: Borgund stavkyrkje.
100-kronesetel
Utgitt 1962–1977, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 341 040 000. Format: 145 x 78 mm.
Framside: Portrett av Henrik Wergeland, i midten vignett med krona riksvåpen.
Bakside: Oscar Wergelands måleri Riksforsamlingen på Eidsvoll.
500-kronesetel
Utgitt 1978–1985, ugyldig frå 21.06.2002. Antal: 8 400 000. Format: 169 x 90 mm.
Framside: Portrett av Niels Henrik Abel, i midten vignett med krona riksvåpen.
Bakside: Universitetet i Oslo, dei tre bygningane på Karl Johans gate.
1000-kronesetel
Utgitt 1975–1987, ugyldig frå 01.08.2001. Antal: 51 930 000. Format: 169 x 90 mm.
Framside: Portrett av Henrik Ibsen, i midten vignett med krona riksvåpen.
Bakside: Peder Balkes måleri Fyrtårnet ved Vardø.