Setlar 1948–1976 (utgåve IV)
Arbeidet med denne setelutgåva blei påbegynt før 2. verdskrigen. Det blei halde ein kunstnarkonkurranse i 1930 om utforminga av ei ny setelutgåve, men krigen sette ein stoppar for å realisere henne. Ingen av dei premierte utkasta blei rekna som eigna til formålet, og arkitekt Arnstein Arneberg blei derfor engasjert som kunstnarisk medarbeidar.
Planen for utgåva var at framståande nordmenn frå nyare tid skulle portretterast, og at baksidene skulle illustrere dei viktigaste næringsvegane. Gravyrane til 10- og 100-kronesetlane blei utførte av firmaet Thomas de la Rue i London før krigen, mens dei andre setlane i serien blei graverte av Henry Welde, grafikar ved seteltrykkjeriet til Noregs Bank.
5-kronesetel
Utgitt 1955–1963, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 110 770 000. Format: 125 x 70 mm.
Framside: Portrett av Fridtjof Nansen.
Bakside: Fiskevær i Lofoten etter måleri av Axel Revold.
10-kronesetel
Utgitt 1954–1973, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 654 400 000. Format: 125 x 70 mm.
Framside: Portrett av Christian Michelsen etter kolteikning av Erik Werenskiold.
Bakside: Merkur gåande mot høgre og to skip i fart etter teikning av Henrik Sørensen.
50-kronesetel
Utgitt 1950–1965, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 53 450 000. Format: 144 x 127 mm.
Framside: Portrett av Bjørnstjerne Bjørnson etter måleri av Erik Werenskiold. Krona riksvåpen i midten.
Bakside: Attgiving av Hugo Lous Mohrs Kornskurden, omarbeidd av kunstnaren.
100-kronesetel
Utgitt 1949–1962, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 81 710 000. Format: 144 x 127 mm.
Framside: Portrett av Henrik Wergeland. Krona riksvåpen i midten.
Bakside: Attgiving av Erik Werenskiolds Lensekara.
500-kronesetel
Utgitt 1948–1976, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 6 964 000. Format: 216 x 127 mm.
Framside: Portrett av matematikaren Niels Henrik Abel etter teikning av Johan Gørbitz. Krona riksvåpen i midten.
Bakside: Industrimotiv laga spesielt for setelen av Reidar Aulie.
1000-kronesetel
Utgitt 1949–1975, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 5 936 000. Format: 216 x 127 mm.
Framside: Vignett med portrett av Henrik Ibsen.
Bakside: Edvard Munchs Historien frå Universitetsaulaen i Oslo.