Setlar 1945–1955 (utgåve III)
Denne utgåva blir gjerne kalla ombytingssetlane, og dei blei sette i sirkulasjon frå 9. september 1945.
Arbeidet med utforminga tok til i 1944 og måtte skje i hemmelegheit. Setlane var meinte å vere ei kriseutgåve som kunne produserast raskt, og tanken var at dei skulle bytast ut med setlar av høgare kunstnarisk og setelteknisk kvalitet så snart som mogleg. Serien har ingen 500-kronesetel.
5-kronesetel
Utgitt 1945–1955, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 109 000 000. Format: 127 x 72 mm.
Framside: Til venstre vignett med krona riksvåpen.
Bakside: I midten vignett med valøren, NORGES BANK på kvar side.
10-kronesetel
Utgitt 1945–1954, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 228 700 000. Format: 127 x 72 mm.
Framside: Til venstre vignett med krona riksvåpen.
Bakside: Vignett med valøren.
50-kronesetel
Utgitt 1945–1951, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 17 720 000. Format: 144 x 127 mm.
Framside: Til venstre vignett med krona riksvåpen.
Bakside: I midten vignett med NORGES BANK.
100-kronesetel
Utgitt 1945–1950, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 21 050 000. Format: 144 x 127 mm.
Framside: Til venstre vignett med krona riksvåpen.
Bakside: I midten vignett med valøren, NORGES BANK på kvar side.
1000-kronesetel
Utgitt 1945–1949, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 504 000. Format: 216 x 127 mm.
Framside: Stortingspresident W.F.K. Christie til venstre, admiral Tordenskiold til høgre (som utgåve II, men GULD er overtrykt).
Bakside: Nidarosdomen i midten, stilisert vikingkonge til venstre og til høgre krona riksvåpen omgitt av våpena til stiftsstadene (sjå under 1000-kronesetelen utg. I).