Valutatransaksjoner i februar 2020
Noregs Bank vil selje valuta på vegner av staten tilsvarande 500 millionar kroner kvar dag i februar 2020.
Overføringa til SPU var større enn venta i 2019. Derfor er samla sal av valuta i 2020 redusert med om lag 20 milliardar kroner.
Noregs Bank kjøper kvar månad valutainntektene frå Statens direkte økonomiske engasjement i oljeverksemda (SDØE). Dersom netto kontantstrøm frå petroleumsverksemda overstig det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet, overførast deler av valutainntektene frå SDØE til Statens pensjonsfond utland (SPU). Noregs Bank seljer den resterende valutaen i marknaden.
Dersom netto kontantstrøm frå petroleumsverksemda ikkje er stor nok til å dekke det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet, vil det måtte overførast valuta frå SPU for å dekke deler av oljepengebruken. Noregs Bank vil da selje valuta frå SPU i marknaden saman med valutainntektene frå SDØE. Dette er ei oppgåve Noregs Bank gjer på vegner av staten.
For meir informasjon, sjå Noregs Banks valutatransaksjoner på vegne av staten.
Kontakt:
Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no