Norges Bank

Pressemelding

Noregs Bank markerer grunnlovsjubileet

I 2014 er det 200 år sidan Grunnlova blei vedteken. For å markere denne viktige hendinga gir Noregs Bank ut to minnemyntar 16. februar.

Minnemynt. Grunnlovsjubileet 2014Minnemynt. Grunnlovsjubileet 2014
200-kronemynt i sølv

Minnemynt. Grunnlovsjubileet 2014Minnemynt. Grunnlovsjubileet 2014
20-kronemynt med spesialpreg

200-årsjubileet til Grunnlova vil bli markert med ei rekkje arrangement for å formidle kunnskap om Grunnlova og kva ho har hatt å seie for utviklinga av det norske folkestyret.
– Noregs Bank markerer jubileet med å gi ut ein 20-krone sirkulasjonsmynt med spesialpreg og ein jubileums- og minnemynt i sølv med pålydande verdi 200 kroner, seier Trond Eklund, direktør i Noregs Bank si eining for kontante betalingsmiddel.

Det er målaren og teiknaren Esther Maria Bjørneboe som har utforma jubileumsmotivet, som blir brukt på begge minnemyntane. Bjørneboe har gitt motivet mottoet «Grunnlovas far og folkestyret». Det viser Christian Magnus Falsen, som kviler blikket mot dei påfølgjande og framtidige generasjonane av kvinner, menn og unge. Dei er framstilte som forenkla profilar og seier noko om den lange historia og dei mange moderniseringane Grunnlova har vore gjennom.

Noregs Bank samarbeider med Stortingets hovudkomité for jubileet om å gi ut minnemyntane. Den offisielle opninga av jubileet skjer i form av eit ope publikumsarrangement i parken ved Eidsvollsbygningen søndag 16. februar. På dette arrangementet vil Noregs Bank gi publikum sjansen til å veksle til seg den nye 20-kronemynten.

20-kronemynten med spesialpreg blir gitt ut som ein ordinær betalingsmynt. Sølvmynten blir gitt ut i eit maksimalt opplag på 40 000 og kan bestillast direkte frå Noregs Bank. Utsalsprisen eksklusive ekspedisjonskostnader og porto er 475 kroner per stykk.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 14. februar 2014 10:00