Motivet "Å løfte i flokk" skal prege stemmerettsmynten
I 1913 vedtok Stortinget allmenn stemmerett og med det fekk kvinner høve til å ta del i val på lik line med menn. For å markere 100-årsjubileet for denne hendinga vil Noregs Bank gi ut ein 10-krone sirkulasjonsmynt med spesialpreg.
Noregs Bank inviterte sju deltakarar til tevling om utforming av baksida av mynten. Vinnarmotivet med motto "Å løfte i flokk" er utforma av illustratør og avisteiknar Siri Dokken. På venstre side ser vi fire kvinneskikkelsar med utstrekte armar som viktigaste del av motivet. Dokken seier om sitt motiv at demokrati er rørsle nedanfrå og å stemme er å flytte noko i fellesskap, å skape endring, flytte aksar og tyngdepunkt. Det kan bli gjort mindre justeringar i motivet før mynten blir sett i produksjon.
Portrettet av Kong Harald V skal brukast som motiv på framsida av 10-kronemynten. Dette motivet er utforma av formgivar Ingrid Austlid Rise ved Det Norske Myntverket, og har vore brukt på sirkulasjonsmyntar med spesialpreg dei siste åra.
Stemmerettsjubileet i 2013 vil bli feira lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Noregs Bank samarbeider med Stemmerettskomiteen, ein komité nedsett av regjeringa og som leier arbeidet med jubileet.
10-kronemynten vil bli sett i sirkulasjon på kvinnedagen i 2013, dvs. 8. mars. Bilder av ferdig prega mynt vil bli offentleggjort i samband med utgjevinga.
Vinnarmotiv:
"Å løfte i flokk"; Siri Dokken
Kontakt:
Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no