Pressebulletin nr. 10/1997: Kreditt- og valutatilhøva
Noregs Banks kredittindikator auka med 9,2 prosent (88,6 milliardar kroner) dei siste tolv månadene fram til utgangen av august, mot 9,1 prosent (87,3 milliardar kroner) i tolvmånadersperioden juli 1996 - juli 1997. Ved årsskiftet var tolvmånadersveksten 6,1 prosent (57,2 milliardar kroner). Kredittindikatoren måler kor stor innanlandsk bruttogjeld næringsliv, hushald og kommunar har i norske kroner og utanlandsk valuta. I løpet av årets åtte første månader gjekk indikatoren opp med i alt 68,4 milliardar kroner, mot 37,1 milliardar kroner i tilsvarande periode i fjor. Den underliggjande veksten fall frå 11,8 prosent ved utgangen av juli til 11,0 prosent ved utgangen av august. Den underliggjande veksten er definert som veksten i gjennomsnittleg behaldning frå førre til siste tremånadersperiode korrigert for valutakursomvurderingar og omrekna til årleg rate.
Den registrerte pengemengda, M2, som i første rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 6,0 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av august. Ved utgangen av juli var tolvmånadersveksten 4,2 prosent. Den underliggjande veksten i M2 var 9,9 prosent ved utgangen av august, mot 12,4 prosent ved utgangen av månaden før.
I eurokronemarknaden var den effektive einmånadsrenta 3,8 prosent og effektiv tremånadersrente 4,0 prosent 30. september. Eurokronerenta med tolv månaders løpetid var 4,3 prosent. Frå 29. august til 30. september fall eurokronerentene med ein månads og tre månaders løpetid med 0,1 prosenteiningar medan tolvmånadersrenta fall med 0,3 prosenteiningar. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokronerente og teoretisk ECU-rente -0,5 prosenteiningar 30. september, medan differansen var -0,4 prosenteiningar 29. august.
I perioden frå 29. august til 30. september styrka kronekursen seg med 3,1 prosent målt mot ECU. Kursen, målt mot indeksert ECU, varierte mellom 98,74 og 101,95. Målt ved den effektive kronekursen til industrien styrka verdien til den norske krona seg med 3,2 prosent.
Noregs Bank kjøpte valuta frå bankane for 4,0 milliardar kroner i perioden frå og med 25. august til og med 19. september. Statistikken viser at bankane kjøpte valuta frå utlendingar for 6,7 milliardar kroner og kjøpte valuta frå innlendingar for 0,4 milliardar kroner.
Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 213,8 milliardar kroner ved utgangen av august 1997, samanlikna med 214,0 milliardar kroner ved utgangen av juli 1997.
Kontakt:
Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no