Norges Bank

Krisehandtering

Finansielle problem kan dukke opp uventa, spreie seg raskt og ha store samfunnsøkonomiske kostnader. Myndigheitene prøver å unngå at finansielle kriser skal oppstå, og har beredskap slik at dei er førebudde til å handtere ei krise. Å førebu seg på å handtere ei finansiell krise er ein viktig del av Noregs Bank sitt arbeid med finansiell stabilitet. 

Beredskap for betalingssystemet 

Sentralbankar har eit spesielt ansvar for at betalingssystemet fungerer til kvar tid, og for å kunne dekkje behovet samfunnet har for setlar og myntar også i ekstraordinære situasjonar. Noregs Bank arbeider med beredskap for betalingssystemet både internt for systema til sentralbanken, inkludert kontantforsyninga, og eksternt for infrastrukturen i den finansielle sektoren, mellom anna gjennom ansvaret som konsesjons- og tilsynsmyndigheit for interbanksystem. 

Kvar enkelt aktør i finansiell sektor har eit sjølvstendig ansvar for å redusere risikoen i si eiga verksemd. Dette ansvaret omfattar mellom anna å utvikle stabile driftsløysingar, gode reserve- og beredskapsløysingar og ein robust finansiell infrastruktur. 

Arbeidet med beredskap for betalingssystemet er knytt til ansvaret for å fremje eit effektivt betalingssystem og bidra til finansiell stabilitet. Det gjeld internt for systema til sentralbanken, inkludert Noregs Banks oppgjerssystem, og eksternt for infrastrukturen i den finansielle sektoren, mellom anna gjennom ansvaret som konsesjons- og tilsynsmyndigheit for interbanksystem. 

For å bidra til best mogleg samordning av beredskapsarbeidet mellom aktørane i den finansielle infrastrukturen blei Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI) oppretta. 

Långivar i siste instans 

Sentralbankar har tradisjonelt hatt ei rolle som långivar i siste instans (Lender of Last Resort, LLR). Det inneber at sentralbanken kan tilføre ekstraordinær likviditet til ein enkelt bank eller til banksystemet når etterspørselen etter likviditet ikkje kan møtast frå alternative kjelder. 

Noregs Bank kan tilføre ekstra likviditet til banksystemet eller til enkeltbankar ved likviditetsproblem. Ekstra tilførsel av likviditet til banksystemet kan vere formålstenleg når det er openbert at likviditetsproblema er midlertidige. Dersom likviditetsbehovet er stort kan  Noregs Bank måtte sikra låna på ein annan måte enn det som følgjer av forskrift om bankers tilgang til lån og innskott i Norges Bank mv. (”låneforskrifta”) for D- og F-lån, jf. forskrifta § 6. 

 S-lån 

Ekstraordinær likviditetstilførsel til enkeltbankar kan vere aktuelt dersom likviditetsproblema er avgrensa til éin eller nokre få bankar med meir fundamentale problem. Noregs Bank kan då yte lån på særlege vilkår (S-lån) for å betre likviditeten. Grunnlaget for slike lån er gitt i sentralbanklova § 3-1 fjerde ledd. 

Høvet til å yte ekstraordinær likviditet gjer at Noregs Bank kan bidra til å hindre problem i å spreie seg og dermed hindre ei større krise. Men høvet til å få slik likviditetsstøtte kan òg påverke åtferda i bankane. Dersom bankane trur at dei alltid vil kunne få låne i sentralbanken, kan dei ta større risiko enn dei elles ville gjort. Noregs Bank legg derfor til grunn at ekstraordinær tilførsel av likviditet bør øyremerkjast situasjonar der den finansielle stabiliteten kan vere trua utan slik støtte. 

Eit anna viktig prinsipp for ekstraordinær likviditetstilførsel er at Noregs Bank ikkje skal ta unormal kredittrisiko. Sentralbanken skal vere långivar i siste instans. Det blei òg slått fast av Stortinget etter bankkrisa på 90-talet. Långivinga til Noregs Bank skal i slike situasjonar derfor ytast mot trygg nok sikkerheit, jfr. sentralbanklova § 3-1 femte ledd. 

Under den siste finanskrisa gav Noregs Bank S-lån til Bankenes sikringsfond i samband med eit kortsiktig lån som sikringsfondet gav Glitnir Bank ASA. 

Rettleiing til søknad om S-lån 

Samarbeid mellom myndigheitene 

Sentralbankar samarbeider tett med andre myndigheiter når det oppstår finansielle kriser, særleg med Finanstilsynet og Finansdepartementet. Ved omfattande systemkriser vil myndigheitene nøye vurdere situasjonen og setje i verk nødvendige tiltak. 

Gode kapital- og likviditetsbufferar i bankane er førstelinjeforsvaret i alle krisehandteringssystem.  

Finansforetakslova kap. 20 gir reglar for korleis myndigheitene skal handtere bankar som får problem. Om ein bank til dømes tapar delar av eigenkapitalen sin, kan myndigheitene krevje at banken rettar opp situasjonen gjennom ulike tiltak som mellom anna følgjer av bankens eigen gjenopprettingsplan. Er situasjonen så alvorleg at Finanstilsynet vurderer banken som kriseramma, skal Finansdepartementet avgjere om han skal bli avvikla under offentleg administrasjon, eller om banken skal bli krisehandtert slik at han kan drive kjernefunksjonane sine vidare utan nemneverdig opphald. I dette tilfellet vil Finanstilsynet mest sannsynleg skrive ned banken sin eigenkapital og om naudsynt delar av banken sin gjeld. Delar av den gjelda som er igjen, kan bli gjort om til ny eigenkapital i banken.  

Det kan hende at ein bank som blir krisehandtert, vil søke Noregs Bank om S-lån. Noregs Bank kan gi eit slikt lån om den finansielle stabiliteten er trua utan eit slik lån. Det vil mest sannsynleg vere tilfellet om Finansdepartementet har bestemt at banken skal bli krisehandtert og ikkje avvikla. Vidare må Finanstilsynet ha vedteke oppkapitalisering for banken. Banken må og stille  trygg nok sikkerheit, om naudsynt kan slik sikkerheit være delar av bankens utlånsportefølje. 

Om banken blir avvikla under offentleg administrasjon vil Bankenes sikringsfond gjere innskytarene sine midlar (inntil to million kroner per innskytar per bank) tilgjengeleg innan sju verkedagar. Under særskilte vilkår kan fondet gi ein bank som ikkje er kriseramma, lån eller skyte inn kapital for å unngå at banken blir kriseramma. 

Internasjonale avtalar 

Dei nordisk-baltiske sentralbankane har inngått ein avtale om korleis ein skal handtere ei krise i ein bank som er etablert i fleire enn eitt av landa: 

Samarbeidsavtale (MoU) mellom dei nordisk-baltiske sentralbankane om grensekryssande banker (15. mai 2022) 

Noreg har slutta seg til ein avtale mellom alle dei sentrale myndigheitene (sentralbankar, tilsynsmyndigheiter og finansdepartement) i EU om samarbeid om handtering av ei krise i ein bank som er etablert i fleire enn eitt av landa: 

Memorandum of Understanding on Cooperation between the Financial Supervisory Authorities, Central Banks and Finance Ministries of the European Union on cross-border financial stability. (pdf) 

I forlenginga av denne avtalen er det oppretta ein eigen avtale mellom dei tilsvarande myndigheitene i dei nordiske og baltiske landa: 

Memorandum of Understanding on Cooperation and Coordination on cross-border financial stability between relevant Ministries, Central Banks, Financial Supervisory Authorities and Resolution Authorities of Denmark, Estonia, Finland, Iceland, Latvia, Lithuania, Norway and Sweden (pdf) 

 

Sist endret 1. april 2025 12:52