Førebygging
Slik påverkar Noregs Bank føresetnadene for finansiell stabilitet:
- Noregs Bank sørgjer for at oppgjerssystemet og kontantforsyninga fungerer på ein sikker og effektiv måte.
- Noregs Bank stiller krav til systemeigarane gjennom rolla som konsesjons- og tilsynsmyndigheit for interbanksystem.
- Noregs Bank kjem med utsegner om regelverk som kan påverke stabiliteten i det finansielle systemet, inkludert finansinstitusjonane. Utsegnene er normalt offentleg tilgjengelege på nettsidene våre frå tidspunktet då breva er sende, så sant ikkje omsynet til bedriftshemmelegheiter eller krav om konfidensialitet hindrar eller utset offentleggjering.
- Noregs Bank bidreg med kunnskap og informasjon gjennom mellom anna rapportane Finansiell stabilitet, Pengepolitisk rapport med vurdering av finansiell stabilitet og Finansiell infrastruktur og gjennom talar og foredrag.
- Noregs Bank avgjer nivået på den motsykliske kapitalbufferen til bankane fire gonger i året. Avgjerdsgrunnlaget blir publisert som ein del av Pengepolitisk rapport med vurdering av finansiell stabilitet.
- Noregs Bank har ein observatør i styret i Finanstilsynet. Finanstilsynet fører tilsyn med finansinstitusjonane (soliditet, risiko, styring og kontroll) og forvaltar ei lang rekkje forskrifter. Dei kan gripe inn med tiltak overfor enkeltinstitusjonar.