Norges Bank

Betalingssystem, oppgjerssystem og anna finansiell infrastruktur

Betalingssystem

Noregs Bank gjer opp betalingar mellom bankane på kontoane deira i Noregs Bank og forsyner samfunnet med setlar og mynt på ein måte som fremjar eit effektivt betalingssystem. I tillegg overvaker Noregs Bank dei norske betalingssystema. Formålet er å fremje robuste og effektive betalingssystem og slik bidra til å styrkje stabiliteten i det finansielle systemet. Overvakinga skal først og fremst avgrense risikoen i systema for avrekning og oppgjer av pengeoverføringar mellom bankane (interbanksystema), men Noregs Bank overvaker òg viktige utviklingstrekk i betalingssystemet samla sett.

Oppgjerssystem

Noregs Bank er den øvste oppgjersbanken for betalingar mellom bankane i Noreg. Denne oppgåva er knytt til det ansvaret Noregs Bank har etter sentralbanklova for å fremje eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet, og til bankane sitt høve til å halde konto og ta opp lån i Noregs Bank. Fordi sentralbanken utferdar pengar, er innskot i sentralbanken utan kreditt- og likviditetsrisiko for bankane. Derfor er renta på sentralbankpengar ein basis for rentedanninga i heile økonomien.

Anna finansiell infrastruktur

Anna finansiell infrastruktur omfattar verdipapiroppgjerssystemet, verdipapirregistre, sentrale motpartar og transaksjonsregistre.

Sist endret 20. januar 2020 18:00
Sist endret 20. januar 2020 18:00