Norges Bank

10-kronemynten - Utforming og tekniske data

Diameter: 24,0 mm
Tjukkleik: 2,0 mm
Vekt: 6,8 g
Legering: 81% Cu, 10% Zn, 9% Ni
Rand: Avbroten rifling

Formgivar: Nils Aas

Preg:

Advers (framsida): H.M. Kong Harald Vs portrett i profil sett frå høgre. Under halsavsnittet til portrettet: signaturen til formgivar Nils Aas (NAA). Under portrettet: HARALD V, og kongens valgspråk ALT FOR NORGE.

Revers (baksida): Del av stavkyrkjetak. Under dette i felt til høgre, valørnemninga 10 KR / pregeåret delt av Den Kongelige Mynts (no Det Norske Myntverket) merke (hammar og bergsjern krosslagde). Nederst merket / initialane til myntdirektøren.

Frå og med pregeåret 2007 er initialane til myntdirektøren tekne bort.

Publisert 4. mai 2017 21:00
Publisert 4. mai 2017 21:00