Norges Bank

Ofte stilte spørsmål om sedler og mynter

Utviklinga i omløpet for setlar og myntar og oversikt over kva setel som er den vanlegaste finn du under Seddel- og myntstatistikk. Omløpet varierer gjennom året og er vanlegvis høgst ved slutten av året.

I tillegg offentleggjer Noregs Bank kvar månad tal for kontantar i sirkulasjon. Sjå Noregs Banks balanse.

Verdien av setlar og myntar i omløp utgjer ein stadig mindre del av verdien av betalingsmidlar som publikum disponerer (M1). Statistisk sentralbyrå utarbeider ei månadleg oversikt over pengemengda.

Enkelte setlar og myntar kan ha ein samlarverdi som er høgare enn den pålydande verdien. Mynthandlarar kan svare på spørsmål om samlarverdi, og det finst fleire katalogar med oversikt over slike objekt.

Når ein setel eller mynt blir erstatta med nye utgåver, vil den gamle valøren vere tvunge betalingsmiddel i eitt år frå kunngjeringa. Deretter kan den gamle valøren vekslast inn i Noregs Bank i ytterlegare ti år. Sjå Veksling av ugyldige setlar og myntar

Jubileums- eller minnemyntane er tvunge betalingsmiddel og kan derfor brukast til å betale med. Slike minnemyntar blir som regel laga i edelt metall som gull og sølv, og utgivinga er avgrensa til markering av store nasjonale hendingar. Dei er primært samleobjekt knytte til desse hendingane og blir lite brukte som betalingsmiddel. Det har òg samanheng med at dei som samleobjekt som regel blir omsette til ein høgare pris enn pålydande. Desse myntane kan ikkje nyttast i automatar. Minnemyntar i edelt metall blir ikkje trekt tilbake slik som ordinære sirkulasjonsmyntar, og publikum kan veksle dei til pålydande verdi i Noregs Bank.

Sentralbanklova gir sentralbanken einerett på å utferde setlar og myntar. Det vil seie at det er Noregs Bank som bestemmer korleis setlane og myntane skal sjå ut.

Norske setlar blei fram til juni 2007 produserte i seteltrykkjeriet til Noregs Bank i Oslo. Seteltrykkjeriet blei avvikla i juni 2007 etter vedtak i hovudstyret i 2002. Frå 2008 har kommersielle sikkerheitstrykkjeri i utlandet levert norske setlar.

Norske myntar, sirkulasjonsmyntar og minnemyntar blir produserte ved Det Norske Myntverket på Kongsberg.

Noregs Bank har ikkje tenester for å betene publikum. Du kan kontakte banken din eller ein mynthandlar dersom du ønskjer å kjøpe spesielle kvalitetar av setlar og myntar, til dømes ubrukte. Enkelte bankar og mynthandlarar sel òg spesialprodukt som myntsett og liknande.

Dersom du har teke imot ein falsk setel som betaling, har du tapt den summen. Du må ikkje bruke ein falsk setel som betalingsmiddel. Då risikerer du å få fengselsstraff. Dersom du har ein falsk setel, bør du melde frå til politiet.

Når vi oppdagar falske setlar i setelbehandlinga vår, leverer vi dei til politiet, slik at dei kan etterforske saka. Politiet får inn falske setlar frå heile landet, slik at dei skal kunne undersøkje om det er nokon samanheng mellom dei enkelte sakene.

Noregs Bank har følgjande reglar for innveksling av øydelagde/defekte setlar:

  • Minst 55 prosent av setelen i behald gir full erstatning.
  • 50–55 prosent av setelen i behald gir halv erstatning.
  • Under 50 prosent av setelen i behald gir inga erstatning.

Innløysing av ein øydelagd setel som består av fleire delar, skal berre skje dersom delane påviseleg stammar frå den same setelen. Setelnummeret har ikkje noko å seie her, det er storleiken på den øydelagde setelen som gir grunnlag for erstatning. I tvilstilfelle blir defekte setlar sende til Noregs Bank som ei erstatningssak med ei kort saksopplysning og med eit kontonummer, slik at vi eventuelt kan godskrive kontoen din for verdien.

Retningslinjer for behandling av søknader om erstatning for bortkomne, brente eller skadde sedler og mynter

Publisert 13. juli 2018 12:56
Publisert 13. juli 2018 12:56