Våre samfunnsoppdrag
Noregs Bank skal fremje økonomisk stabilitet i landet og forvalte store verdiar på vegner av fellesskapet.
Banken har utøvande og rådgjevande oppgåver i pengepolitikken og skal bidra til robuste og effektive betalingssystem og finansmarknader.
Noregs Bank forvaltar eigne valutareservar og Statens pensjonsfond utland (SPU) på vegner av staten. Forvaltinga av SPU skal gi høgast mogleg avkasting innanfor rammene til mandatet.
Noregs Bank er eit eige rettssubjekt og er eigd av staten. Verksemda er regulert i Sentralbanklova.
Mandat
Sentralbanklova regulerer verksemda til banken. Lova slår fast at formålet for sentralbankverksemda er å oppretthalde ein stabil pengeverdi og fremme stabilitet i det finansielle systemet og eit effektivt og sikkert betalingssystem. Sentralbanken skal bidra til høg og stabil produksjon og sysselsetjing.
Regjeringa har fastsett eit inflasjonsmål for pengepolitikken gjennom ei bestemmelse til sentralbanklova.
Oppgåva Noregs Bank har med å forvalte Statens pensjonsfond utland er regulert gjennom mandat for forvaltningen av Statens pensjonsfond utland.
Kjerneoppgåvene
Klart definerte kjerneoppgåver er utgangspunktet for organiseringa av Noregs Bank:
Pengepolitikk
Pengepolitikken skal oppretthalde ein stabil pengeverdi gjennom låg og stabil inflasjon.
Norges Banks styring av likviditeten i banksystemet har som føremål å gje komiteens rentevedtak eit breitt gjennomslag i dei kortsiktige pengemarknadsrentene. Det gjerast ved å styre nivået på bankenes reservar, det vil si bankenes innskot i sentralbanken.
Finansiell stabilitet
Banken skal fremje finansiell stabilitet og verke til robuste og effektive finansielle infrastrukturar og betalingssystem.
Noregs Banks oppgjørssystem gjer opp betalingar mellom bankane på kontoane deira i Noregs Bank og forsyner samfunnet med setlar og mynt på ein måte som fremjar eit effektivt betalingssystem. I tillegg overvaker Noregs Bank dei norske betalingssystema.
Kapitalforvaltning
Norges Bank står for den operative forvaltninga av Statens pensjonsfond utland, populært kalla oljefondet, på vegner av Finansdepartementet.
Meir informasjon på nettsidene til Norges Bank Investment Management
Valutareservane er beredskapen til banken i internasjonal valuta og skal kunna nyttast til transaksjonar i valutamarknaden.
Noregs Bank forvaltar statsgjelda i samsvar med eit mandat fastsett av Finansdepartementet. Banken skal med grunnlag i mandatet dekkje statens lånebehov, samt forvalte uteståande statsgjeld.
Lover og regelverk
Oversikt over sentrale lover og regler i tilknytning til Norges Banks virksomhetsområde.