Norges Bank

Internasjonalt samarbeid

Som ein liten, open økonomi er Noreg sterkt påverka av internasjonale forhold. Noregs Bank legg derfor stor vekt på å delta i og ha kontakt med internasjonale økonomiske organisasjonar.

Network for Greening the Financial System (NGFS)

NGFS er eit nettverk for sentralbankar og tilsyn som skal bidra til å auke kunnskapen om korleis finansielle myndigheiter og finanssektoren kan ta omsyn til klimarisikoen og miljøet. Noregs Bank har vore medlem av NGFS sidan desember 2018.

NGFS

EU og ESB

Den økonomiske utviklinga og pengepolitikken i EU gir viktige rammevilkår for norsk pengepolitikk. Noregs Bank søkjer derfor å halde regelmessig kontakt med Den europeiske sentralbanken (ESB) og med sentralbankar i EU.

European Central Bank (europa.eu)