Norges Bank

1996

Første innskot i Statens petroleumsfond 

Stortinget vedtok lov om Statens petroleumsfond («Oljefondet») i 1990. Det formelle namnet til fondet i dag er Statens pensjonsfond utland. Midlane skulle plasserast i utlandet. Med bakgrunn i erfaringa med å forvalte valutareservane blei Noregs Bank vald som forvaltar av Oljefondet. Det første innskotet blei gjort 30. mai 1996. 

Første innskudd i SPU

Tidlegare finansminister Sigbjørn Johnsen har denne utbetalingsordren på veggen i arbeidsrommet sitt heime på Hedmarken. 30. mai 1996 blei det sett inn 1,981 milliardar kroner i fondet. 

Stortinget vedtok lov om Statens petroleumsfond («Oljefondet») i 1990. Fondet, til liks med andre statlege midlar, skulle plasserast på konto i Noregs Bank. Med bakgrunn i erfaringa si med å forvalte valutareservane var det Noregs Bank som skulle plassere midlane i utlandet. 

Det tok fleire år før det kom pengar inn på fondet. Det var ein djup lågkonjunktur dei første åra på 1990-talet. Staten brukte alle inntektene sine fortløpande, også inntektene frå petroleumssektoren. Fondet var tomt heilt fram til 1996. I mai 1996 blei dei første innskota gjorde i Statens petroleumsfond. Statsrekneskapen for 1995 var gjord opp med eit overskot på knappe 2 milliardar kroner. 

Den kraftige auken i olje- og gassprisane rundt tusenårsskiftet førte til ein kraftig auke i byteforholdet og store overskot i statsrekneskapen. Utsiktene til eit raskt veksande fond gjorde at det verka naturleg å investere fondet ulikt frå valutareservane. Særleg aksjar framstod som eit godt investeringsalternativ, noko det blei opna for etter kvart. 

I 2001 vedtok regjeringa den såkalla handlingsregelen. Uttak av fondet over tid skulle ikkje overstige forventa realavkasting av fondet. Dei første åra antok ein at det var 4 prosent i året. I 2017 vedtok regjeringa å justere den forventa realavkastinga for fondet ned frå 4 til 3 prosent. 

I 2001 vedtok regjeringen den såkalte «handlingsregelen». Uttak av fondet over tid skulle ikke overstige forventet realavkastning av fondet. De første årene antok man at det var 4 prosent i året. I 2017 vedtok Regjeringen å nedjustere forventet realavkastning for fondet fra 4 til 3 prosent.

Historiske data for Norges Banks balanse er dokumentert i kapittel 2 (side 39) i Historical Monetary and Financial Statistics for Norway. Data som beskriver utviklingen i Statens pensjonsfond utland er også omtalt i kapittel 6 (side 328) i denne publikasjonen.

Bytteforholdet, definert som forholdet mellom nasjonalregnskapets prisindekser for eksport og import, er satt lik 100 i 1990. Historiske nasjonalregnskapstall er dokumentert i kapittel 8 (side 441) i Historical Monetary and Financial Statistics for Norway