Norges Bank

1986

Noregs Bank fekk fullmakt til å bestemme styringsrenta  

Hermod Skånland var sentralbanksjef frå 1985 til 1994. I hans periode fekk Noregs Bank delegert fullmakt til å bestemme endringar i styringsrenta med sikte på å stabilisere kronekursen. Noregs Bank fekk rolla som vaktar av pengeverdien. 

Devaluering mai 1986

Devaluering av norske kroner 11. mai 1986. Frå pressekonferansen i regjeringskvartalet. Frå venstre: sentralbanksjef Hermod Skånland, finansminister Gunnar Berge og statsminister Gro Harlem Brundtland. Foto: Morten Hvaal / SCANPIX 

I 1986 blei penge- og valutapolitikken lagd om. Det var spekulasjonar mot krona i byrjinga av mai 1986, og krona blei nedskriven med snaue 10 prosent. Dette blei den siste i rekkja av kronedevalueringar og markerte eit viktig skilje i norsk valutakurspolitikk. Noregs Bank blei delegert fullmakt til å ta avgjerder om endringar i styringsrenta med sikte på å stabilisere kronekursen.  

Spekulasjonen mot krona heldt fram utover hausten, og det oppstod ein situasjon med vedvarande press på valutakursen. 2. desember sette banken styringsrenta opp med 2 prosentpoeng utan at regjeringa kom med innvendingar. Det nye styringssystemet hadde bestått sin første prøve. Oppgåva til pengepolitikken var etter dette å gi økonomien eit nominelt anker i form av ein stabil valutakurs, og Noregs Bank fekk oppgåva som vaktar av pengeverdien. 

I oktober 1990 vedtok regjeringa at den norske krona ikkje lenger skulle ha ein fast verdi i forhold til ei valutakorg som viste gjennomsnittet av valutakursane mot handelspartnarane våre, men at ho i staden skulle knytast direkte til den europeiske pengeeininga ECU. 

Historiske data for Norges Banks diskonto og styringsrenter er dokumentert i kapittel 1 (side 11) i Historical Monetary Statistics for Norway - Part II.