Norges Bank

1946

Etterkrigstida i Noreg var prega av gjenreisinga. Plan og regulering stod sentralt. Forbruket skulle haldast nede ved rasjonering. Investeringar skulle prioriterast og styrast dit den politiske leiinga i landet meinte dei gjorde størst nytte. Regjeringa tok avgjerdene i pengepolitikken. Noregs Bank blei ein teknisk gjennomførar av regjeringa sin politikk. 

Årdal tungindustri

Årdal og Sunndal Verk, Øvre Årdal, mai 1948. Foto: Norsk Teknisk Museum 

Penge- og finansrådet blei oppretta i 1945 og blei erstatta av samarbeidsnemnda frå 1951. Nemnda hadde representantar frå finansinstitusjonane, Finansdepartementet og Noregs Bank. Planen var å styre kreditten til dei prioriterte investeringane. Samarbeidsnemnda fekk på plass fleire avtalar om bruk av nye kredittpolitiske verkemiddel. 

Gjenreisinga medførte eit stort importbehov, og handelsunderskotet auka raskt. I 1947 mista regjeringa oversikta over omfanget av import, og det oppstod ei akutt valutakrise. Det blei innført svært strenge reguleringar. Eit valutaråd leidd av Noregs Bank blei oppretta i september 1947. Ordninga med importlisens blei stramma inn, og det blei innført kontraheringsstopp for skipsfarten.  

Noreg fekk Marshall-hjelp og slutta seg i 1948 til Organisasjonen for europeisk økonomisk samarbeid, OEEC (seinare OECD), og i 1950 til Den europeiske betalingsunionen (EPU). 

1948

Marshallhjelp, OEEC (OECD), European Payment Union (EPU)