Gjenreisingstid, plan og regulering
Noregs Bank var banken til regjeringa. Det var eit politisk mål at renta skulle haldast låg. Rimelig kreditt skulle sikre eit høgt nivå på dei langsiktige investeringane. Desse skulle prioriterast og styrast dit den politiske leiinga i landet meinte dei gjorde størst nytte.
Finansminister Erik Brofoss og sonen Karl på Grorud jernbaneverksted i 1947. Gitt att med løyve frå familien.
Gjenreisinga av landet prega den første delen av etterkrigstida. Plan og regulering stod sentralt i den økonomiske politikken. Det private forbruket skulle haldast nede ved hjelp av rasjonering. Kredittmarknaden blei regulert, dels gjennom eit vaksande system av statsbankar og dels gjennom streng regulering av dei private bankane og obligasjonsmarknaden.
Regjeringa tok avgjerdene i pengepolitikken. Noregs Bank var teknisk gjennomførar av politikken til regjeringa. I 1949 overtok staten aksjane i Noregs Bank. Frå 1965 skulle den nye kredittlova gje styresmaktene meir effektive verkty i kredittrasjoneringa.
Til liks med mange andre land opplevde Noreg ein lang periode med god økonomisk vekst. Bustadstandarden blei heva for mange. Mange av reguleringane slutta etter kvart å fungere og blei til slutt illusoriske. Både kapitalrørslene ut og inn av landet og den innanlandske kredittilførselen fann nye vegar. Derfor måtte stadig nye hòl i reguleringane tettast, utan at ein greidde å dempe utlånsveksten tilstrekkeleg. Lønns- og prisveksten kom ut av kontroll. Oljeprissjokka og dei kompenserande devalueringane på 1970- og 1980-talet gav tidvis tosifra inflasjon. Vinteren 1985–86 fall oljeprisane. Krona blei i mai 1986 nedskriven med 10 prosent.
Datakilder til de historiske konsumprisindeksene er dokumentert i kapittel 10 (side 539) i Historical Monetary and Financial Statistics for Norway.
1945
På den internasjonale konferansen i Bretton Woods i 1944 ble man enige om et nytt fastkurssamarbeid
1946
Gjenreising. Plan og styring. Regjeringen i førersetet
1949
Nasjonalisering av Norges Bank
1965
Nye fullmakter til regjeringen
1971
En pillar i det internasjonale samarbeidet forsvinner
1976
Kronen devalueres ti ganger. Hver gang skulle være «siste gang»…