1920-1924
Bankkrise
Spekulasjonsøkonomien under krigen førte til at det blei etablert mange nye bankar. Allereie i 1920 kom tilbakeslaget, og fleire bankar måtte be om hjelp frå Noregs Bank. Både banken og Finansdepartementet bidrog med soliditets- og likviditetsstøtte, men problema voks, og fleire og fleire bankar blei ramma. Ei systemisk bankkrise var under oppsegling.
Centralbanken for Noreg var sein med å ta realitetane innover seg. Dei tok til å byggje eit nytt, flott hovudkontor i 1921. To år seinare blei banken sett under administrasjon. Foto: Anders Beer Wilse / Oslo museum
Då Nicolai Rygg tiltredde som formann i direksjonen til Noregs Bank i 1920, arva han ein økonomi i ulage og eit bankvesen i krise. Arbeidet med bankkrisa prega arbeidsdagane hans frå 1920 til 1925. Nesten 70 bankar kom under offentleg administrasjon under nedgangstidene på 1920-talet. Noreg hadde under første verdskrigen hatt store inntekter frå handelsflåten og fiskeeksport. Kombinert med rikeleg tilgang på pengar og kreditt hadde dette ført til overinvesteringar og finansielle bobler. Mot slutten av krigen og dei første åra etterpå kom det eit internasjonalt konjunkturtilbakeslag. Verdien av norske kroner mot gull fall, og det blei høg inflasjon.
Allereie i 1920 var det fleire bankar som bad om hjelp frå Noregs Bank. Både banken og Finansdepartementet bidrog med soliditets- og likviditetsstøtte, men mange bankar opplevde likevel store problem. For at Noregs Bank skulle støtte bankane, måtte pengepolitikken vere ekspansiv med låge renter og rik tilgang på pengar. Ønsket om å føre kroneverdien tilbake til den gullverdien han hadde hatt før krigen, innebar det motsette. Ein slik politikk – paripolitikk – ville ha kravd høge renter og inndraging av kreditt. Sentralbanken valde å støtte bankane, og paripolitikken blei utsett til etter at den verste bankkrisa var overstått og krisebankane var blitt handterte.
Fleire land opplevde finanskriser på 1920-talet. Noreg var saman med Storbritannia blant landa som blei hardast ramma.
1923
Ny lov for håndtering av krisebanker