Sterk vekst i bankvesenet
Det var først på 1850-talet at det blei ein stor ekspansjon i talet på sparebankar og forretningsbankar. Det blei òg etablert ein statleg hypotekbank.
Ibestad Sparebank i Troms rundt 1900. Kjelde: Ibestad historielag
Noregs Bank var den einaste banken i Noreg då han blei etablert i 1816. Den første sparebanken blei etablert i 1822, og den første forretningsbanken kom i 1840. Det var ikkje lenger nødvendig å ha pengar i madrassen. Pengane kunne setjast inn i den lokale banken. Der var det òg mogleg å få lån. Noregs Bank gjekk frå å vere den einaste banken i landet, til å bli ein bank blant bankar.
Kristianiakrakket starta i juni 1899. Ei bustadboble sprakk. Etterkomarane etter dei som kjøpte bustad i Kristiania i juni 1899, fekk ikkje realverdien tilbake før 100 år seinare. Ei rekkje bankkonkursar følgde. Seks av sju nystarta bankar gjekk over ende. Noregs Bank fekk ansvaret for å redde banksystemet. Noregs Bank gjekk frå å vere ein bank blant bankar til å bli ein bank for bankar – ein sentralbank.
Noreg hadde sølvstandard fram til 1874. Då gjekk vi over til gullstandard samtidig som kroner blei innført som ny pengeeining. I 1875 slutta Noreg seg til Den skandinaviske myntunion. Kroner blei felles mynt i Danmark, Noreg og Sverige.
Ved starten av første verdskrigen blei gullstandarden suspendert og den skandinaviske myntunionen i praksis oppheva. Noreg som nasjon tente stort på skipsfart og eksport av fisk, men inntektene i nasjonen blei ekstremt skeivt fordelte. Folk flest opplevde dyrtid.
Pengepolitikken blei under krigen stilt på nye, krevjande prøvar som han ikkje bestod. Pengepolitikken kunne ha vore strammare frå 1916. Noregs Bank, under den aldrande leiaren Bomhoff, tok heller ikkje initiativ til å regulere framveksten av dei nye spekulative bankane eller til å stoppe pengeskapinga som oppstod i bankane sjølve.
Datakilder til de historiske levekostnadsindeksene er dokumentert i kapittel 10 (side 539) i Historical Monetary and Financial Statistics for Norway.
1850
Sterk vekst i bankvesenet
1857
Norges Bank sendte sølv til Hamburg
1873-1875
Overgang til gullstandard 1873. Kroner ble ny pengeenhet. Den skandinaviske myntunion 1875.
1899
Brå slutt på byggeboomen i 1899
1914-18
Store utfordringer for pengepolitikken