1818
Stortinget utsette parifesting av speciedalaren
Stortinget vedtok å gå bort frå løftet dei hadde gitt i 1816 om at ein speciedalarsetel gitt ut av Noregs Bank skulle kunne krevjast innveksla mot ein speciedalarsølvmynt innan 1. januar 1819. Eit nytt tidspunkt for slik parifesting blei ikkje sett. Parispørsmålet blei utsett på ubestemt tid. Løftebrotet førte nokså raskt til svekt tillit til setlane.
Bønder frå Hallingdal og Ringerike gjekk i protesttog mot Christiania i 1818. Dei blei stoppa ved Bærums Verk.
Det blei ein trong fødsel for den unge nasjonen. Krigsgjelda til utlandet måtte betalast, men det viste seg vanskeleg å få teke opp lån. Skattebyrda var stor. Grunnfondet i Noregs Bank måtte inndrivast ved tvungne innskot som ein ekstra skatt på formue – på folkemunne kalla sølvskatten. Det var dårlege tider for trelasthandelen. Det blei dessutan politisk uro. I 1818 marsjerte to tog med bønder frå Hallingdal og Ringerike mot Christiania. Bøndene ville tvinge Stortinget til å endre pengepolitikken. Slottsfut Marcus S. Lyng hadde kommandoen over 160 soldatar og to kanonar. Bondetoga skulle stoppast. Natt til 15. september omringa han bøndene ved Bærums Verk. 300 bønder blei arresterte.
Som svar på uroa vedtok Stortinget lempingar i politikken. Sølvskatten blei rett nok vidareført, men lettar blei gitt til dei som ikkje var i stand til å betale. Stortinget vedtok å gå bort frå løftet dei hadde gitt i 1816-lova om Noregs Bank, om at ein speciedalarsetel skulle kunne krevjast innveksla mot ein speciedalarsølvmynt innan 1. januar 1819. Eit nytt tidspunkt for parifesting blei ikkje sett. Parispørsmålet blei utsett på ubestemt tid. Løftebrotet førte nokså raskt til svekt tillit til setlane. Verdien av setlane fall på børsen målt mot referansevalutaen Hamburger banco.
Litteratur
Johansson, Sonja Serina Finstad (2012), ”til Christiania for at søge Forlindring i de store Tyngsler”. Bondetogene på Østlandet og bøndenes motstand mot skattepolitikken i 1818, Norges Bank Staff Memo 2012/3.
Lie, E., J.T. Kobberrød, E. Thomassen og G. F. Rongved (2016), Norges Bank 1816–2016, Fagbokforlaget.