1813
Krigen hadde ført til skyhøg inflasjon. I 1813 blei det gjort eit forsøk på å rydde opp i pengevesenet. Ein ny bank, Riksbanken, blei etablert, og riksbankdalar blei ny pengeeining. Den gamle pengeeininga riksdalar kurant blei nedskriven med nær 90 prosent. Denne kraftige reduksjonen av pengeverdien blir av mange omtalt som «statsbankerotten».
Setel gitt ut av Riksbanken.
5. januar 1813 blei Riksbanken oppretta som ny setelbank i kongerika Danmark-Noreg og hertugdømma Schleswig og Holstein. Avdelingar blei oppretta i København, Christiania og Altona. Christiania-avdelinga fungerte som midlertidig setelbank i Noreg etter at Grunnlova blei vedteken 17. mai 1814.
Riksbankdalar blei innført som ny pengeeining til erstatning for riksdalar kurant. Pariverdien av 200 riksbankdalar blei sett til 100 speciedalar sølv. Som sikring for verdien av riksbankdalaren fekk Riksbanken pant i form av 6 ½ prosent av verdien av all fast eigedom. Dei gamle setlane som sirkulerte, blei veksla inn i nye riksbankdalarsetlar. Staten hadde ikkje nok behaldningar av sølv til å innfri gjelda til setelinnehavarane. Byteforholdet blei derfor sett slik at dei gamle kurantbanksetlane kunne vekslast i nye riksbankdalarsetlar, men berre i forholdet 6 : 1. Den gamle pengeeininga riksdalar kurant blei med dette nedskriven med nær 90 prosent. Denne kraftige reduksjonen av pengeverdien i januar 1813 blir av mange omtalt som «statsbankerotten».
Datakilder til de historiske levekostnadsindeksene er dokumentert i kapittel 10 (side 539) i Historical Monetary and Financial Statistics for Norway.
Raskt verdifall på de nye sedlene
Problemene fortsatte også etter “statsbankerotten”