1686
Myntproduksjonen blir flytta til Kongsberg
Kongsberg Sølvverk starta verksemda si i 1624. Sølvet blei frakta til Christiania, der det blei etablert eit myntverk. Men ei undersøking på 1680-talet viste at Christiania myntverk var lite effektivt. Det blei bestemt at sølvet frå Kongsberg skulle utmyntast ved eit nytt myntverk på Kongsberg. Det stod ferdig i 1686. Myntproduksjonen i Christiania heldt på nokre år til, men blei avvikla i 1695.
Myntserie frå Kongsberg myntverk i 1686. Krone/4-markmynt, halvkrone/2-markmynt og 1-markmynt. Markmyntane inneheldt 67,2 prosent sølv (10 ¾ reinverdi). Foto: Noregs Bank / Nils S. Aasheim
I 1686 starta myntverket på Kongsbergs verksemda si. Det blei i hovudsak produsert mark- og skillingsmynt. Hovudmynten riksdalar species blei òg produsert, men berre i avgrensa omfang både i kongerika Danmark og Noreg og i hertugdømma Schleswig og Holstein. Produksjonen av hovudmynten riksdalar species fekk eit større omfang først etter sjuårskrigen på 1760-talet (Rønning, 1986, side 218).
Det som dominerte i produksjonen ved alle myntverka, var skillingsmyntar i små valørar, såkalla kurantmynt. Desse hadde til dels mykje mindre sølvinnhald og var derfor meir lønnsame å produsere for myntverka.
Hovudmynten riksdalar species skulle innehalde 87,5 prosent sølv, mens skillingsmyntane hadde eit sølvinnhald som varierte frå rundt 60 prosent for 8- og 16-skillingane til rundt 20 prosent for 1- og 2-skillingane.
Det blei i perioden 1686–1700 òg slått store mengder kronemynt i form av krone/4-markmyntar og halvkrone/2-markmyntar. Kronemynt hadde høgare sølvinnhald (67,2 prosent) enn kurantmynt, men lågare sølvinnhald enn hovudmynten riksdalar species (87,5 prosent).
Litteratur
Rønning, B. R. (1986), Den kongelige mynt 1628-1686-1806. Oslo: Cappelen.