Norges Bank

1537-1625

Noreg blei underlagt den danske kongen 

Erkebiskop Olav Engelbrektsson prøvde å hevde norsk sjølvstende etter reformasjonen, men tapte kampen og måtte rømme landet i 1537. Riksdalaren blei innført som ny pengeeining. Dalaren heldt stort sett ein stabil sølvverdi. Likevel heldt myntdegraderinga utrøytteleg fram. Inflasjonen kom no til uttrykk ved at ein måtte betale stadig fleire skillingar for kvar dalar. I 1514 måtte ein betale 24 skillingar for ein dalar. I 1624 hadde prisen stige til heile 100 skillingar. 

Ein sølvdalar med namnet til Christian III blei prega ved Gimsøy kloster i Skien i 1546. Sølvet kom frå Gullnes kobberverk i Seljord. Sølvdalaren hadde ein reinverdi på 14,5, inneheldt 26,5 gram reint sølv (90,6 prosent) og vog 29,2 gram brutto (Rønning, 1986, side 25–26). Foto: Noregs Bank / Nils S. Aasheim  

Erkebiskop Olav Engelbrektsson var den siste norske myntherren som fekk prega mynt før han måtte rømme landet i 1537. Noreg blei underlagt dansk styre og blei nærmast ein dansk provins etter reformasjonen. Den viktigaste pengeeininga var riksdalar. Dalaren kunne delast opp i skiljemyntane mark og skilling. Det var desse som blei brukte i kvardagen. 

Myntdegraderinga i Danmark-Noreg skaut fart under den danske borgarkrigen i 1534–1536 (grevefeiden). Inflasjonen kom til uttrykk ved at ein måtte betale stadig fleire skillingar for kvar riksdalar. I 1514 betalte ein 24 skillingar for ein dalar. Då Christian IIIs myntforordning kom i 1541/1544, slo ho fast at ein måtte betale 48 skillingar for dalaren. 

Trass i Christan IIIs forsøk på å rydde opp i pengesystemet heldt myntdegraderinga fram. Ein måtte etter kvart betale mykje meir enn dei 48 skillingane for kvar dalar som følgje av Christian IIIs myntforordning. Meirprisen blei kalla for «oppgjeld», inspirert av det tyske ordet Aufgeld. Dersom ein måtte betale 52 skillingar for ein dalar, var oppgjelda 4 skillingar. Det var i denne perioden omfattande import av småmynt med lågt sølvinnhald frå utlandet. 

Fredrik II bestemte i myntforordninga si i 1571 at ein skulle betale 64 skillingar for ein dalar. Myntdegraderinga skaut fart på ny etter at Christian IV blei konge i 1588. I 1624 måtte ein på det meste betale 100 skillingar for ein dalar. 

Litteratur

Rønning, B. R. (1986), Den kongelige mynt 1628-1686-1806, Oslo: Cappelen.

1514

Et mislykket forsøk på opprydding i pengesystemet