Noregs Bank Administrasjon (NBA)
Avdelinga har ansvar for støttefunksjonar i Noregs Bank.
Avdelinga har blant anna ansvaret for:
- Juridisk rådgjeving og sakshandsaming
- Verksemdstyring, finansiell rapportering, innkjøp, skatt- og avgiftshandsaming
- Sikkerheit og beredskap
- Servicefunksjonar
- Drift av bankens eigedommar
- HR-strategi og å ta vare på den sentrale arbeidsgjevarrolla
Leiar: direktør Therese Steen
Einingar i avdelinga:
Juridisk
Eininga står for juridisk rådgjeving og sakshandsaming på heile verkeområdet til sentralbankversemda, med særleg vekt på sentralbanklovgjeving og betalings- og oppgjerssystem, finansielle instrument og formuesforvalting, setlar og mynt og eigenforvaltinga i banken.
Leiar: Alexander Behringer
Økonomistyring og rekneskap
Økonomistyring og rekneskap er den sentrale økonomifunksjonen i Noregs Bank og har ansvaret for verksemdstyring (strategi, handlingsplan og budsjett), finansiell rapportering, økonomisystem, skatt- og avgiftshandsaming, fakturahandsaming, reiser og utlegg, lønnsutbetaling og innkjøp.
Chief Financial Officer: Ørjan Agdesteen
Tryggleik og beredskap
Hovudoppgåva til eininga er å ta hand om den operasjonelle tryggleiken til sentralbanken. SIB har ansvaret for sikkerheitsstyring i banken, der beredskap i organisasjonen og strukturell sikkerheit står sentralt. Eininga har også det utøvande ansvaret for fysisk sikring, det vil si vakthald knytt til bygg, verdiar og personar. Andre sentrale oppgåver er å leggje premissar for informasjonssikkerheit, og å forvalte personkontrollen av egne tilsette og innleidde.
Sikkerhetsdirektør: Christian Slinning
Eigedom og service
Eininga har ansvar for forvalting, drift, vedlikehald og utvikling av Noregs Banks hovudsete på Bankplassen 2, samt for banken sine ferie- og konferansestader. Norges Banks bygg er eit viktig monumentalbygg i Oslo med høg kulturhistorisk verdi, og oppgåvene har høge og særskilde krav til tryggleik, funksjonalitet og utforming. Andre sentrale oppgåver er å vidareutvikle bygningane og drifta gjennom berekraftig miljøsatsing, effektiv bruk av areal og standardisering av arbeidsplassar for auka fleksibilitet og redusert behov for ombyggingar. Eininga har vidare ansvaret for servicesenter og gjennomføringa av større internasjonale konferansar og arrangement.
Leiar: Håvard Zachariassen
Information Management
Eininga har ansvar for at regler om offentleg sakshandsaming vert følgde.
Leiar: Wibekke Skjødt Danielsen
Human resources
Eininga har ansvaret for den sentrale arbeidsgivarfunksjonen medrekna utforming og innføring av HR-strategi, lønn, lønnsforhandlingar, HMS og beredskap for personell og pårørande. HR har og ansvaret for bedriftshelseteneste, og organisasjons- og leiarutvikling.
Leiar: Brita Alsos
Governance, Risk and Compliance (GRC)
GRC har på vegner av leiinga i banken ansvar for risikostyring og arbeider for effektiv styring, kontroll og etterleving av regelverk i sentralbankverksemda.
Direktør GRC: Kirsten Steinberg