Norges Bank

Norges Banks komité for pengepolitikk og finansiell stabilitet

Komiteen har ansvaret for Norges Banks utøvende og rådgivende myndighet i pengepolitikken og har ansvar for bruken av virkemidler for å nå målene i pengepolitikken. Komiteen skal bidra i arbeidet med å fremme finansiell stabilitet gjennom rådgiving og bruk av de virkemidler den har til rådighet.

Komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet består av sentralbanksjefen, de to visesentralbanksjefene og to eksterne medlemmer. 

De eksterne komitemedlemmene oppnevnes av Kongen i statsråd for fire år av gangen. Sentralbanksjefen er leder av komiteen, og de to visesentralbanksjefene er henholdsvis første og andre nestleder.

Medlemmer

Ida Wolden Bache

Utnemnd som sentralbanksjef frå 8. april 2022 til 2028. Bache er leiar av hovudstyret og komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet.

Bache har erfaring som visesentralbanksjef, avdelingsdirektør for pengepolitikk og avdelingsdirektør for finansiell stabilitet i Noregs Bank. Bache har òg vore makroøkonom i Handelsbanken Capital Markets. Ho var medlem av Det Systemiske Risikoråd i Danmark frå 2017 til 2022. Bache er samfunnsøkonom med doktorgrad frå Universitetet i Oslo og mastergrad frå London School of Economics.

Pål Longva

Utnemnd som visesentralbanksjef frå 29. august 2022 til 2028. Longva har særskilt ansvar for sentralbankverksemda og er første nestleiar i hovudstyret og komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet.

Longva har erfaring som ekspedisjonssjef i finansavdelinga i Finansdepartementet. Han har jobba i McKinsey og vore avdelingsdirektør og ekspedisjonssjef i Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Longva har doktorgrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Oslo.

Øystein Børsum

Utnemnd som visesentralbanksjef frå 2. august 2021 til 2027. Børsum har særskilt ansvar for Noregs Bank si oppgåve med å forvalte Statens pensjonsfond utland og er andre nestleiar av hovudstyret og komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet. Leiar av eigarskapsutvalet og risiko- og investeringsutvalet i hovudstyret.

Børsum har erfaring som sjeføkonom i Swedbank og frå Finansdepartementets økonomiavdeling og avdeling for formuesforvalting. Børsum er siviløkonom frå Noregs handelshøgskole og har mastergrader frå Sciences Po og London School of Economics og doktorgrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Oslo.

Ingvild Almås

Oppnemnd som komitémedlem til 31. desember 2025.

Almås er professor ved Institute for International Economic Studies (IIES), Stockholms Universitet, Principal Investigator på FAIR, Noregs handelshøgskole (NHH), og International Research Fellow ved Institute for Fiscal Studies (London), Centre for Economic Policy Research (CEPR) og CESifo. Ho var tidlegare professor ved NHH. Almås sit i Scientific Advisory Board for Max Planck Institute for Research on Collective Goods i Bonn, Tyskland, og ho leier porteføljestyret for velferd, kultur og samfunn i Noregs forskingsråd. Almås skal hausten 2023 vere «Cowles Foundation visiting fellow» ved Yale University. Almås er samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo og har doktorgrad i samfunnsøkonomi frå NHH.

Steinar Holden

Oppnemnd som komitémedlem til 31. desember 2027.

Holden er professor ved Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo. Han har vore leiar og medlem av ei rekkje offentlege utval, og er no medlem av Tariffnemnda. Han har òg vore instituttleiar ved Økonomisk institutt. Primærforskingsfeltet hans er lønnsfastsetjing, penge- og finanspolitikk, makroøkonomi, arbeidsmarknad og forhandlingar. Holden har doktorgrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Oslo og har skrive lærebøker for vidaregåande skule og universitets- og høgskulenivå.

Sist endret 2. januar 2024 07:00
Sist endret 2. januar 2024 07:00