Finansiell stabilitet (FST)
Avdelinga skal medverke til at det finansielle systemet er robust.
Oppgåvene er blant anna:
- Overvaking av finansiell stabilitet
- Å gi råd om tiltak for å førebyggje systemrisiko
- Å bidra til å utforme gode rammebetingelser for det finansielle systemet
- Å være konsesjonsmyndigheit for interbanksystem og overvake betalingssystema
- Forsking og analysearbeid som understøtter avdelingas oppgåver
- At samfunnets etterspurnad etter kontantar vert møtt på ein måte som fremjar eit effektivt betalingssystem
- Solid utøving av rolla som banken til bankane og staten
Leiar: Direktør Torbjørn Hægeland
Einingar i avdelinga:
Bankanalyse
Eininga overvakar og analyserer utviklinga i finansinstitusjonar og ‑marknader med sikte på tiltak som kan gjere det finansielle systemet meir robust. Det inneber analysar av soliditeten, lønnsemda, og finansieringa til institusjonane og av korleis dei tilpassar seg til kapital- og likviditetskrava frå myndigheitene. Målet er rammevilkår og regelverk for finansiell sektor som fremjar finansiell stabilitet og effektiv produksjon av finansielle tenester. Ein viktig del av dette er system for krisehandtering og beredskap.
Leiar: Sindre Weme
Makrotilsyn
Eininga skal gjennom makrotilsyn og overvåking av systemrisiko medverke til at det finansielle systemet er robust. Det inneber både ansvar for å kartleggje kor sårbarheiter byggjer seg opp og for å føreslå verkemiddel som gjer systemet betre i stand til å takle forstyrringar. Eininga vurderer kredittrisiko knytta til utlån til hushald og føretak. Eininga ser også på korleis finansføretak si sårbarheit overfor felles risikofaktorar påverkar utsiktene for finansiell stabilitet.
Leiar: Nina Midthjell
Finansiell infrastruktur
Eininga er tillagd konsesjonsmynde og tilsynsansvar for viktige interbanksystem i Noreg, og overvaker systema for oppgjer av verdipapirhandlar og derivat. Viktige tema for analysearbeidet i eininga er risikoar i oppgjerssystema og kva dei har å seie for finansiell stabilitet. Arbeidet omfattar også vurderingar av den finansielle infrastrukturen og effektiviteten i betalingssystemet. Eininga lagar ein årleg rapport om utviklingstrekk i betalingssystemet.
Leiar: Anna Grinaker
Betalingsanalyse og -innovasjon
Eininga fangar opp og analyserer endringar i betalingssystemet med relevans for rollene til Noregs Bank og tek initiativ til tiltak for betringar av betalingssystemet.
Leiar: Knut Sandal
Kontante betalingsmiddel (KB)
Eininga tek hand om ansvaret Noregs Bank har etter sentralbanklova som utferdar av setlar og mynt. Ho syter for at det blir tilført nye setlar og mynt etter kvart som behovet oppstår, og at det som er slite, blir fjerna og øydelagt. I samband med dette har eininga ansvar for kva rolle Noregs Bank skal ha på dette området, og at sentralbanken si verksemd knytt til dette blir ivareteke.
Eininga har ansvar for nyutgjevingar og forbetringar av setlar og mynt for å sikre at kontantane har eigenskapar som gjer dei til eit effektivt betalingsmiddel. Informasjon om utsjånad og eigenskapar for setlar og mynt, særleg når det skjer endringar, er viktig for at dei skal bli tekne imot med naudsynt tillit, og er derfor ein sentral del av ansvarsfeltet til eininga.
Leiar: Leif Veggum
Interbankoppgjer (IBO)
Eininga har ansvar for oppgjer av betalingar på øvste nivå i betalingssystemet for norske kroner. I Noregs Banks oppgjerssystem (NBO) blir betalingar mellom bankane, mellom bankane og Noregs Bank og mellom bankane og staten gjort opp med endeleg verknad. Betalingane mellom bankane gjeld betalingstenester for kundane, valutahandel, handel med verdipapir og bankane sin eigen likviditetsstyring. Betalingane mellom bankane og Noregs Bank gjeld bruken av dei likviditetspolitiske instrumenta i pengepolitikken, kjøp av valuta til Statens pensjonsfond utland, bankane sine innskot og uttak av kontantar, Noregs Banks eigen drift og bankane sine betalingstenester for staten. Likviditeten for staten blir samla på statens foliokonto.
Eininga administrerer bankane si pantsetjing for lån i Noregs Bank. Dette gjeld både lån av likviditetspolitiske omsyn og lån gjennom dagen for å lette betalingsoppgjera.
Leiar: Steinar Årdal