Organisering og styring
Dei øvste organa i banken er hovudstyret, komitéen for pengepolitikk og finansiell stabilitet og representantskapet.
Sentralbanksjefen er leiar av hovudstyret, leiar av komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet og dagleg leiar av Noregs Bank, med visesentralbanksjefane som høvesvis første nestleiar og andre nestleiar.
For Noregs Bank Investment Managment (NBIM) ansetter hovudstyret dagleg leiar.
Sentralbanklova regulerer forholdet mellom Noregs Bank og styresmaktene. Lov om Statens pensjonsfond og mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland (SPU) regulerer ansvarsforholdet mellom Noregs Bank og Finansdepartementet når det gjeld forvaltningsoppdraget for SPU.
Sentralbankverksemda er sett saman av avdelingene:
Banken har òg ein internrevisjon.
Staben har ansvar for sekretariats-, samordnings- og styringsfunksjonar på vegner av leiinga i banken.
Norges Banks pensjonskasse er ei sjølvstendig juridisk eining.