Norges Bank

Norges Bank Memo

Kunderetta betalingsformidling

Les rapporten her (nettformat)

Kunderetta betalingsformidling 2023 – hovudpunkt

  • Noreg er eit av dei landa i verda der innbyggjarane bruker betalingskorta sine flest gonger kvart år. I gjennomsnitt brukte kvar innbyggjar i Noreg betalingskorta sine 550 gonger i 2023.
  • Dei fleste kortbetalingane vert gjorde på fysiske utsalsstader. Utsalsstader inkluderer mellom anna butikkar, restaurantar og offentleg kommunikasjon. Fysiske betalingskort vert nytta i dei aller fleste av desse betalingane, men talet på kortbetalingar gjennom mobiltelefonen aukar raskt. Den seinaste spørjeundersøkinga vår viste at 20 prosent av betalingane på fysiske utsalsstader vart gjorde med ulike løysingar for mobilbetaling.
  • Omfanget av netthandel har auka mykje gjennom mange år. Det meste av netthandelen vert gjort opp med eit betalingskort, anten direkte eller gjennom ulike løysingar for mobilbetaling. Éin av fire netthandlar vert gjort opp på annan måte, og då er betaling med faktura den mest nytta betalingsmåten.
  • Dei ulike kortsystema har ulike bruksområde. Ved netthandel og ved mobilbetalingar er det i første rekkje internasjonale kort som vert nytta.Den sterke veksten på desse områda har ført til at BankAxept-betalingar utgjer ein stadig mindre del av kortbetalingane. I 2023 utgjorde BankAxept-betalingane 53 prosent av kortbetalingane. I 2019, året før pandemiutbrotet, utgjorde BankAxept-betalingane 65 prosent av kortbetalingane.
  • Bruken av kontantar har falle gjennom lang tid, men har halde seg stabil dei aller seinaste åra. Den seinaste undersøkinga vår syner at 2 prosent av dei spurde nytta kontantar sist dei betalte på ein fysisk utsalsstad. Også uttaka av kontantar har vore stabile dei seinaste åra.

 

Retta versjon publisert 7. juni 2024:  I kapittel 2, side 11, er det gjort ei retting. Setninga «Dette var første året talet på transaksjonar med BankAxept gjekk ned.» er bytt ut med «Dette var andre gongen talet på transaksjonar med BankAxept gjekk ned.»  

Forsidebilde av publikasjonen Kunderetta betalingsformidling

Norges Bank Memo gir analyse og bakgrunn for Norges Banks mandatutøvelse. 

ISSN 1894-0277 (online)

Publisert 5. juni 2024 10:00
Sist endret 7. juni 2024 10:20
Publisert 5. juni 2024 10:00
Sist endret 7. juni 2024 10:20