Utviklingstrekk i kunderetta betalingsformidling – 2014
- Serie:
- Norges Bank Memo
- Nummer:
- 1/2015
Den sterke veksten i bruken av betalingskort heldt fram også i 2014. Kvar innbyggjar nytta i gjennomsnitt kortet 369 gonger i fjor. Korta vert nytta til stadig mindre betalingar. Betalingar i utlandet og over Internett utgjer ein stadig større del av dei samla betalingane. Dette har medverka til at bruken av internasjonale kort veks raskare enn bruken av BankAxept. Saman med at kortbruken aukar, indikerer reduserte uttak av kontantar frå minibankar og i samband med varekjøp, at kontantar vert brukte stadig sjeldnare i Noreg.
Revidert utgåve 29. juni 2015: Talet på minibankar ved utgangen av 2014 har vorte revidert frå 1764 til 2033. I notatet er figur 17 og 18 bytte ut og kommentarane endra. Vedlegga er endra tilsvarande.
Norges Bank Memo gir analyse og bakgrunn for Norges Banks mandatutøvelse.
ISSN 1894-0277 (online)