Valutatransaksjonar i mars 2025
Noregs Bank gjennomfører valutatransaksjonar på vegner av staten og for å finansiere Noregs Banks overføring av utbyte til staten. Transaksjonane blir gjennomførte i marknaden som eit dagleg nettobeløp. I mars 2025 blir dei daglege nettotransaksjonane kjøp av valuta tilsvarande 274 millionar kroner kvar dag.
Valutatransaksjonar på vegner av staten
Noregs Bank vil kjøpe valuta på vegner av staten tilsvarande 400 millionar kroner kvar dag i mars 2025.
Den norske staten har inntekter frå petroleumsverksemda i både kroner og valuta. Ein del av desse inntektene blir kvart år brukt til å dekkje eit planlagt underskot på statsbudsjettet, det oljekorrigerte underskotet. Resten blir spart i valuta i Statens pensjonsfond utland (SPU). På oppdrag frå Finansdepartementet gjennomfører Noregs Bank dei naudsynte valutatransaksjonane knytte til bruken av petroleumsinntekter over statsbudsjettet og til sparing i SPU.
Les meir om petroleumsfondsmekanismen og valutatransaksjonane på vegner av staten.
Finansiering av overføring av utbyte til staten
Noregs Bank vil selje valuta tilsvarande 126 millionar kroner kvar dag i mars 2025 for å finansiere overføring av utbyte til staten.
Hovudstyret i Noregs Bank vedtok i desember 2024 å kjøpe kroner for å finansiere overføring av utbyte til staten for rekneskapsåret 2024. Utbyte er fastsett til 30,1 milliardar kroner. Kronekjøpa vil bli fordelte jamt utover dei same handledagane som det kan handlast valuta på vegner av staten i perioden frå og med mars 2025 til og med februar 2026. Vekslingsbehovet vil ikkje endre seg.
Sjå pressemelding for meir informasjon om finansiering av overføringar til staten.
Kontakt:
Pressetelefon: 22 31 60 60
E-post: presse@norges-bank.no