Marknader og IKT (MI)

Avdelinga skal overvake, formidle og analysere relevant utvikling i penge- og kapitalmarknadene.

Avdelinga skal sikre:

  • God forståing av utviklinga i marknadene
  • Kapasitet og evne til å handsame kriser i det finansielle systemet
  • Effektiv styring av samla likviditet i banksystemet
  • Stabile, funksjonelle og effektive IT-tenester i sentralbankverksemda

Leiar: Direktør Olav Andreas Bø
Tlf. 22 31 67 43

Einingar i avdelinga:

Internasjonale marknader

Eininga forvaltar den delen av landets valutareservar som er investerte i renteinstrument. I tillegg har eininga ansvaret for transaksjonar i valutamarknaden på vegner av staten.

Leiar: Arne Osnes
Tlf. 22 31 67 06

Norske marknader

Eininga har ansvar for å styre samla likviditet i banksystemet slik at hovudstyrets vedtak om styringsrenta får gjennomslag i dei korte pengemarknadsrentene.

Leiar: Ketil Rakkestad
Tlf. 22 31 63 63

Statsgjeld

Eininga har ansvar for å utstede og forvalte statsgjelda etter eit mandat fastsett av Finansdepartementet.

Leiar: Anders Svor
Tlf. 22 31 60 65 / 22 31 64 94

Operations

Eininga har ansvaret for finansiell risikomåling og -styring for postane på Norges Banks balanse, mellom anna valutareservane. Eininga sørgjer og for støtte og kontroll av transaksjons- og investeringsaktivitetane i avdelinga MI.

Leiar: Roger Rake
Tlf. 22 31 61 52

IKT

Eininga har ansvaret for anskaffing, utvikling og drift av sikre og stabile IT-system for sentralbankverksemda.

Fung. leiar: Simen Berg Lutnæs
Tlf. 22 31 65 69

Publisert 1. juni 2012 08:55
Endret 2. august 2018 09:18
Olav Andreas Bø
Direktør, Markeder og IKT

Kontakt:

Tlf.: 22 31 67 43

Kontakt

Likviditet: Tlf. 22 31 71 70 / Fax: 22 33 37 35
Valuta: Tlf. 22 31 71 50
Statsgjeld: Tlf. 22 31 71 40