Norges Bank

Hovudstyret

Hovudstyret består av sentralbanksjefen, dei to visesentralbanksjefane og seks eksterne styremedlemmer, som alle er oppnemnde av Kongen i statsråd. I tillegg blir to styremedlemmer valde av og blant dei tilsette til å delta i behandlinga av administrative saker.

Back to top

Blant oppgåvene i hovudstyret er styringa og drifta av Noregs Bank, med unntak av saker som i eller i medhald av sentralbanklova er lagt til komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet. Hovudstyret har ansvaret for Noregs Banks forvaltning av Statens pensjonsfond utland. Hovudstyret skal sørgja for ei forsvarleg og effektiv organisering av banken.

Sentralbanksjefen er leiar, og visesentralbanksjefane er høvesvis første og andre nestleiar. Hovudstyret har fire saksførebuande og rådgivande utval som gjennom arbeidet sitt skal styrkje og effektivisere drøftingane i hovudstyret.

Medlemmene i hovudstyret

Ida Wolden Bache

Utnemnd som sentralbanksjef frå 8. april 2022 til 2028. Bache er leiar av hovudstyret og komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet.

Bache har erfaring som visesentralbanksjef, avdelingsdirektør for pengepolitikk og avdelingsdirektør for finansiell stabilitet i Noregs Bank. Bache har òg vore makroøkonom i Handelsbanken Capital Markets. Ho var medlem av Det Systemiske Risikoråd i Danmark frå 2017 til 2022. Bache er samfunnsøkonom med doktorgrad frå Universitetet i Oslo og mastergrad frå London School of Economics.

Pål Longva

Utnemnd som visesentralbanksjef frå 29. august 2022 til 2028. Longva har særskilt ansvar for sentralbankverksemda og er første nestleiar i hovudstyret og komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet.

Longva har erfaring som ekspedisjonssjef i finansavdelinga i Finansdepartementet. Han har jobba i McKinsey og vore avdelingsdirektør og ekspedisjonssjef i Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Longva har doktorgrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Oslo.

Øystein Børsum

Utnemnd som visesentralbanksjef frå 2. august 2021 til 2027. Børsum har særskilt ansvar for Noregs Bank si oppgåve med å forvalte Statens pensjonsfond utland og er andre nestleiar av hovudstyret og komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet. Leiar av eigarskapsutvalet og risiko- og investeringsutvalet i hovudstyret.

Børsum har erfaring som sjeføkonom i Swedbank og frå Finansdepartementets økonomiavdeling og avdeling for formuesforvalting. Børsum er siviløkonom frå Noregs handelshøgskole og har mastergrader frå Sciences Po og London School of Economics og doktorgrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Oslo.

Hans Aasnæs

Oppnemnd som styremedlem til 15. mai 2028. Leiear av godtgjersleutvalet og medlem av risiko- og investeringsutvalet i hovudstyret.

Aasnæs er administrerande direktør i shippingselskapet Western Bulk ASA. Han er styreleiar i Strand Havfiske, Nordic Trustee og Investinor. Aasnæs har lang erfaring frå kapitalforvalting, eigedomsforvalting og direkteinvesteringar mellom anna frå Storebrand og UMOE. Han har òg brei styreerfaring frå mellom anna Folketrygdfondet, Statskog, Gjensidige pensjonsforsikring, Bergvik Skog, Foran Realestate og Fornebu Lumber Company. Aasnæs er sivilagronom frå Noregs landbrukshøgskole (no NMBU), har høgare avdeling frå NHH og er autorisert finansanalytikar.

Thomas Ekeli

Oppnemnd som styremedlem til 15. mai 2028. Medlem av risiko- og investeringsutvalet i hovudstyret.

Ekeli er sjølvstendig næringsdrivande. Han har tidlegare vore sjeføkonom i Folketrygdfondet og Pareto Securities, har bakgrunn frå økonomiavdelinga og avdeling for formuesforvaltning i Finansdepartementet, har jobba som porteføljeforvaltar i Oljefondet (NBIM), og har brei internasjonal erfaring. Ekeli er utdanna samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo.

Ragnhild Janbu Fresvik

Oppnemnd som styremedlem til 15. mai 2028. Medlem av revisjonsutvalet i hovudstyret. Medlem av revisjonsutvalet i hovudstyret.

Fresvik er konsernsjef i Eviny og tidlegare investeringsdirektør i Grieg Gruppen og dagleg leiar i morselskapet Grieg Mauritas. Ho har også jobba for Sparebanken Vest, Borea og Boston Consulting Group. Fresvik er utdanna siviløkonom frå Noregs handelshøgskole.

Arne Hyttnes

Oppnemnd som styremedlem til 15. mai 2026. Leiar av revisjonsutvalet og medlem av godtgjersleutvalet i hovudstyret.

Hyttnes har lang erfaring frå finansnæringa, mellom anna frå DnC/DnB, Sparebankforeningen, Finans Norge og Bankenes sikringsfond. Hyttnes var administrerande direktør for SND i fire år og har styreerfaring frå mellom anna NHH og Ungt Entreprenørskap. Hyttnes er siviløkonom frå Noregs handelshøgskole.

Kristine Ryssdal

Oppnemnd som styremedlem til 15. mai 2026. Medlem av eigarskapsutvalet og godtgjersleutvalet i hovudstyret.

Ryssdal er juridisk direktør i Yara. Ho har òg tidlegare erfaring frå næringslivet som VP Legal i Statoil (no Equinor), juridisk direktør i REC og advokat i Norsk Hydro. I tillegg har ho mange års erfaring frå Regjeringsadvokaten. Ho var tidlegare styremedlem i Borregaard ASA, har sete i ulike styre i REC-konsernet og vore medlem av representantskapet i Kommunalbanken. Ryssdal er jurist frå Universitetet i Oslo og har Master of Laws frå London School of Economics. Ho er òg advokat med møterett for Høgsterett.

Nina Udnes Tronstad

Oppnemnd som styremedlem til 15. mai 2026. Medlem av revisjonsutvalet og eigarskapsutvalet i hovudstyret.

Udnes Tronstad er profesjonell styremedlem. Ho er styreleiar i Source Energy og styremedlem i Bladt Industries og Prosafe. Ho har vore konserndirektør i Kværner og Statoil (no Equinor). Ho har tidlegare vore styremedlem i mellom anna Peab AB, Trelleborg AB, Rambøll, Giek (no Eksfin) og NTNU. Udnes Tronstad er sivilingeniør frå NTNU.

Kompetanse/interesse/ erfaring 1) Ida Wolden Bache Pål Longva Øystein Børsum Kristine Ryssdal Arne Hyttnes Nina Udnes Tronstad Hans Aasnæs Thomas Ekeli Ragnhild Janbu Fresvik
Kapitalforvaltning, ansvarlege investeringar X   X X X   X X X
Bank/Finansiell infrastruktur X X X   X       X
Samfunnsøkonomi X X X         X  
Styre- eller leiarerfaring/Ansvar for offentlege utredningsoppdrag X X   X X X X   X
Internasjonal erfaring/internasjonal verksemd     X X   X X X  
Risikostyring og etterlevelse         X X X X X
Virksomhetsstyring (herunder IKT, HR, juridisk, økonomistyring og kommunikasjon)   X   X   X      
Fødselsår 1973 1968 1976 1960 1950 1959 1963 1968 1980
Antall år i styret  (medlem og vara) 4 1 2 6 8 4 4  -  -
Kjønn K M M K M K M M K
Utdanning Samfunnsøkonom, PhD Samfunnsøkonom, PhD Siviløkonom, PhD Jurist Siviløkonom Sivilingeniør Sivilagronom, HAS Samfunnsøkonom Siviløkonom

1) Medlemmene av hovedstyet er spurt om å identifisera fire område som i særleg grad beskriv eigen kompetanse/interesse/erfaring, underforstått at dei har erfaring innanfor fleire område enn desse. Evalueringa inkluderer kompetanse/interesse/erfaring som er opparbeidd i perioden som hovudstyremedlem. Tabellen er ferdigstilt med bistand frå administrasjonen i banken og godkjend av hovudstyret.

2) Hovudstyret har òg to ansattevalgte representantar som deltek i behandlinga av administrative saker. Desse er ikkje med i tabellen.

Representanter for de ansatte

Mats Bay Fevolden

Representant for dei tilsette frå 16. mai 2024. Medlem av godtgjersleutvalet i hovudstyret.

Mona Sørensen er varamedlem for Mats Bay Fevolden.

Guro Heimly

Representant for dei tilsette frå 16. mai 2024.

Merethe Riddervold er varamedlem for Guro Heimly.

Underutval

Revisjonsutvalet

Oppgåvene til revisjonsutvalet er, i samsvar med instruks for risikostyring og internkontroll i Noregs Bank, retta inn mot oppfølging, tilsyn og kontroll med rekneskapsrapportering, operasjonell risiko, etterleving og systema for risikostyring og intern kontroll.

Revisjonsutvalet har tre medlemmer som er valde av og blant dei eksterne hovudstyremedlemmene. Internrevisjonen skal gi utvalet nødvendig assistanse.

Mandat for revisjonsutvalet

Godtgjersleutvalet

Godtgjersleutvalet skal bidra til grundig og uavhengig behandling av saker som gjeld godtgjersleordningane til banken. Hovudstyret har bestemt at det lovpålagde godtgjersleutvalet for kapitalforvaltinga òg skal førebu saker på sentralbankverksemda sitt område.

Utvalet har tre medlemmer som er valde blant dei eksterne medlemmene i hovudstyret, og éin medlem som er vald blant dei tilsettvalde styremedlemmene.

Mandat for godtgjersleutvalet

Se også: § 5-2 i Finansdepartementets mandat for forvaltningen av Statens pensjonsfond utland (Lovdata)

Eigarskapsutvalet

Eigarskapsutvalet skal førebu hovudstyret si behandling av saker som gjeld den ansvarlege forvaltingsverksemda til banken. Utvalet førebur mellom anna saker om utestenging og observasjon av selskap frå investeringsuniverset for Statens pensjonsfond utland innanfor dei rammene som er gitt i mandatet frå Finansdepartementet og i etiske retningslinjer for forvaltinga av Statens pensjonsfond utland.

Eigarskapsutvalet har tre medlemmer og blir leidd av visesentralbanksjefen med særskilt ansvar for å følgje opp forvaltinga av Statens pensjonsfond utland. Dei to andre medlemmene blir valde blant dei eksterne medlemmene i hovudstyret.

Mandat for eigarskapsutvalet

Se også: Retningslinjer for observasjon og utelukkelse fra Statens pensjonsfond utland

Risiko- og investeringsutvalet

Risiko- og investeringsutvalet skal bidra til å styrkje og effektivisere hovudstyret sitt arbeid med investeringsstrategi, gjeldande eksponering, vurderingar av resultat, fastsetjing og utnytting av risikorammer og dessutan særleg store og viktige investeringsavgjerder.

Risiko- og investeringsutvalet har tre medlemmer og blir leidd av visesentralbanksjefen med særskilt ansvar for å følgje opp forvaltinga av Statens pensjonsfond utland. Dei to andre medlemmene blir valde blant dei eksterne medlemmene i hovudstyret.

Mandat for risiko- og investeringsutvalget

Arbeid i underutvalgene

Nøkkelaktiviteter utført av hvert underutvalg i 2023.

Eierskapsutvalget

Mandat og formål

Sist endret med virkning fra 1. juni 2023.

Medlemmer

Øystein Børsum (leder), Kristine Ryssdal, Nina Udnes Tronstad.

Antall møter

8

Temaer behandlet

  • Årlig og halvårlig rapportering om ansvarlige investeringer og eierskap.
  • Observasjon og utelukkelse av selskaper fra Statens pensjonsfond utland.
  • Særskilt eierskapsutøvelse.
  • Nye forventinger til selskapene om forbrukerinteresser og reviderte forventninger til selskapene om håndtering av klimarisiko.

Risiko- og investeringsutvalget

Mandat og formål

Sist endret med virkning fra 1. juni 2023.

Medlemmer

Øystein Børsum (leder), Hans Aasnæs, Egil Herman Sjursen.

Antall møter

9

Temaer behandlet

  •          Regelmessig oppfølging av strategi og vurderinger av resultater ved behandling av kvartals-, halvårs- årsrapporter.
  •          Gjennomgang av forrige strategiperiode (2020-2022).
  •          Råd til Finansdepartementet om unoterte aksjer og regulering av unoterte investeringer i forvaltningsmandatet.
  •         Godkjenning av finansielle instrumenter, markeder og utstedere av statsobligasjoner. 
  •         Investeringsmandat til daglig leder i Norges Bank Investment Management og prinsipper for investeringer i realaktiva.
  •         Geopolitisk risiko.

Godtgjørelsesutvalget

Mandat og formål

Sist endret med virkning fra 1. juni 2023.

Medlemmer

Arne Hyttnes (leder), Karen Helene Ulltveit-Moe, Kristine Ryssdal, Mona Sørensen (representant for de ansatte, 01.01.-31.05.), Truls Oppedal (representant for de ansatte, 31.05-31.12).

Antall møter

6

Temaer behandlet

  •          Regelmessig oppfølging av prestasjonslønnsordningene, det vil si budsjettrammer, vedtak om utbetaling, og gjennomgang og oppfølging av praktisering og virkninger av ordningene.
  •          Gjennomgang av, og justeringer av prinsippene for godtgjørelsesordningene.
  •         Saker om lønnsregulering, herunder regelmessige årlige saker om lønnsrammer for daglig leder i Norges Bank Investment Management, samt Norges Bank Investment Managements og sentralbanksjefens ledergrupper.

Revisjonsutvalget

Mandat og formål

Sist endret med virkning fra 1. juni 2023.

Medlemmer

Karen Helene Ulltveit-Moe (leder), Arne Hyttnes, Nina Udnes Tronstad.

Antall møter

6

Temaer behandlet

  •          Periodisk operasjonell risikorapporteringer knyttet kapitalforvaltningen og sentralbankvirksomheten.
  •          Årlig rapportering om internkontrollsituasjonen i kapitalforvaltningen, sentralbankvirksomheten og Norges Bank samlet.
  •          Regnskapsrapportering for Norges Bank Investment Management og Norges Bank samlet, inkludert oppfølging av eksternrevisors planer og rapportering gjennom året.
  •          Planer for internrevisjonens aktiviteter.
  •          Internrevisjonsrapportering, for enkeltprosjekter og internrevisjonens årlige rapport inkludert kontrollhandlinger.
  •          Tematiske dypdykk relevant for risikostyring og internkontroll for å bidra til økt innsikt.

Møtedeltaking

Antall møter og deltaking i hovudstyremøter og møter underutvala i 2023

 

 

 

Hovedstyret

Revisjons-utvalget

Risiko- og investerings-utvalget

Eierskaps-utvalget

Godtgjørelses-utvalget

 

Antall møter

13

6

9

8

6

Navn

Rolle

 

 

 

 

 

Ida Wolden Bache

Styreleder

 13/13

 

 

 

 

Pål Longva

1. nestleder

13/13

 

 

 

 

Øystein Børsum

2. nestleder

13/13

 

9/9

8/8

 

Karen Helene Ulltveit-Moe

Styremedlem 

13/13

6/6

 

 

6/6

Kristine Ryssdal

Styremedlem 

12/13

 

 

8/8

5/6

Arne Hyttnes

Styremedlem 

13/13

6/6

 

 

6/6

Nina Udnes Tronstad

Styremedlem 

13/13

6/6

 

8/8

 

Hans Aasnæs

Styremedlem 

13/13

 

9/9

 

 

Egil Herman Sjursen

Styremedlem 

10/13

 

7/9

 

 

Mona Sørensen

Ansattevalgt styremedlem , medlem av Godtgjørelsesutvalget 1.1. - 31.5.

12/13

 

 

 

3/3

Truls Oppedal

Ansattevalgt styremedlem, medlem av Godtgjørelsesutvalget 31.5. - 31.12.

11/13*

 

 

 

3/3

* Var representert ved varamedlem i enkeltsaker i to møter

Godtgjersle og styringsmodell

Finansdepartementet fastset ønskt kompetanse for Noregs Banks hovudstyre og godtgjersle til styremedlemmene. 
Sjå godtgjersla i tabell 15.4 i årsrapporten

Sentralbankloven regulerer forholdet mellom Noregs Bank og myndigheitene. Lov om Statens pensjonsfond og forvaltningsmandatet til Statens pensjonsfond utland regulerer ansvarsfordelinga mellom Noregs Bank og Finansdepartementet når det gjeld forvaltninga av fondet. 
Informasjon om styringsmodellen for Statens pensjonsfond utland (Finansdepartementet).

Sist endret 22. april 2024 15:00
Sist endret 22. april 2024 15:00