Organisering og styring

Verksemda til Noregs Bank er regulert i sentralbanklova. Lova slår fast at Noregs Bank skal være eit utøvande og rådgivande organ for penge-, kreditt- og valutamarknadene.

Dei øvste organa i banken er hovudstyret og representantskapet

Sentralbanksjefen står for den daglege leiinga av banken med visesentralbanksjefane som høvesvis første nestleiar og andre nestleiar.

For Noregs Bank Investment Managment (NBIM) har hovudstyret delegert ansvaret for den daglege leiinga direkte til leiaren for NBIM gjennom stillingsinstruks.

Sentralbanklova regulerer forholdet mellom Noregs Bank og styresmaktene. Lov om Statens pensjonsfond og mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland (SPU) regulerer ansvarsforholdet mellom Noregs Bank og Finansdepartementet når det gjeld forvaltningsoppdraget for SPU.

Sentralt leiarforum

Sentralt leiarforum (SLF) er eit rådgivande forum for sentralbanksjefen for drøfting av saker på område der det er behov for at sentralbanksjefen fattar vedtak eller fastset retningslinjer som har verknad for begge verksemdområda til banken. SLF skal vidare handsama saker av betyding for heile verksemda som skal til handsaming i Noregs Banks hovudstyre, inkludert fastsetjing av eller endringar i overordna prinsipp frå hovudstyret.

Sentralt leiarforum i Noregs Bank (SLF) består av sentralbanksjefen (leiar), begge visesentralbanksjefane, CEO NBIM, Deputy CEO NBIM og CEO NBREM. I tillegg møter normalt stabsdirektør, juridisk direktør og kommunikasjonsdirektør.

Sentralbankverksemda er sett saman av avdelingene

Banken har òg ein internrevisjon.

Ved utgangen av 2017 var det 922 fast tilsette i Noregs Bank. Av disse er 349 tilsett  i sentralbankverksemda og 573 tilsett i Noregs Bank Investment Management.

 

Noregs Bank blir styrt gjennom ein kombinasjon av mål- og resultatstyring og rammestyring. Sentralbankverksemda blir i hovudsak styrt gjennom strategiplan, mål og rammer og handlingsplanar. Norges Bank Investment Management blir i hovudsak styrt gjennom strategiplan, oppfølging av investeringsmandata og rapportering av resultat.

Norges Banks pensjonskasse

Norges Banks pensjonskasse skal yte pensjonar til medlemene og andre pensjonsberettiga i henhold til inngått pensjonsavtale mellom pensjonskassa og Noregs Bank. 

Årsrapporter - Norges Banks pensjonskasse:

Publisert 6. februar 2007 12:06
Endret 27. februar 2018 14:20

Sjå også

Noregs Bank sin strategi 2017-2019

Låge renter, moderat vekst, økt datatilfang, ny teknologi, nye og sikrare setlar, førebyggjing av systemrisiko og styrka sikkerheit og beredskap er blant nøkkelorda for inneverande treårige strategiperiode. Bak desse orda liggjer ein ambisjon om å vere ein open, moderne og innovativ sentralbank, også på den internasjonale arenaen.

Strategi 2017-2019