Norges Bank

Finansiell stabilitet - eit hovudmål

Finansiell stabilitet og eit sikkert og effektivt betalingssystem er blant hovudmåla til Noregs Bank i arbeidet med å tryggje økonomisk stabilitet. 

Å oppfylle desse måla er viktig for å sikre finansiering og risikofordeling i samfunnet og for å kunne gjere betalingar.

Lovgrunnlag

Oppgåvene og ansvaret for finansiell stabilitet og for betalingssystemet er forankra i sentralbanklova og i lov om betalingssystem.

§ 1 i sentralbanklova seier at banken skal «fremme stabilitet i det finansielle systemet og et effektivt og sikkert betalingssystem». «Norges Bank skal ha utøvende og rådgivende myndighet i arbeidet for finansiell stabilitet.» «Norges Bank skal utstede pengesedler og mynter, legge til rette for det sentrale oppgjørssystemet og overvåke betalingssystemet». Banken kan òg «sette i verk tiltak som er vanlige eller naturlige for en sentralbank».

Etter lov om betalingssystem, er Noregs Bank konsesjonsmyndigheit for avreknings- og oppgjerssystema til bankane, dei såkalla interbanksystema

Noregs Bank har og ansvaret for å fastsetje nivået på den motsykliske kapitalbufferen.

Arbeidsdeling mellom myndigheitene

I Noreg er arbeidet med finansiell stabilitet delt mellom Finansdepartementet, Finanstilsynet og Noregs Bank:

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for at landet har ei velfungerande finansnæring. Departementet har òg ei viktig rolle i koordineringa av verksemda til dei tre myndigheitsorgana dersom det skulle bli ei finansiell krise.

Finanstilsynet har eit særleg ansvar knytt til soliditet, styring og kontroll i finansinstitusjonane og har direkte tilsyn med aktørane i den finansielle sektoren.

Noregs Bank skal  fremje stabilitet i det  finansielle systemet og eit effektivt og sikkert betalingssystem. Noregs Bank overvakar derfor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkje utviklingstrekk som kan svekkje stabiliteten i det finansielle systemet. Noregs Bank gjer råd til Finansdepartementet og Finanstilsynet om utforming av regelverk og informerar departementet om sakar som er viktige for finanssektoren. Noregs Bank har og ansvaret for å fastsetje nivået på den motsykliske kapitalbufferen.

Både Noregs Bank og Finanstilsynet har myndigheitsoppgaver overfor betalingssystemet. 

Trepartsmøte

Det er viktig at myndigheitene har ei felles forståing av situasjonen i finansmarknadene, og at eventuelle særskilde tiltak er koordinerte. Finansdepartementet, Finanstilsynet og Noregs Bank held  faste møte, så kalla  trepartsmøter. Finansdepartementet leier møta. Møta blir haldne om lag kvart halvår, oftare ved behov. I møta drøftar ein utsiktene for finansiell stabilitet. Ein drøftar òg opplegg for og erfaringar frå kriseøvingar og andre beredskapsspørsmål.

Sist endret 20. januar 2020 18:00
Sist endret 20. januar 2020 18:00