Norges Bank

Setlar 1979–2001 (utgåve VI)

Tre store endringar blei innførte med denne rekkja: 10-kronesetelen gjekk ut og blei erstatta med ein mynt i 1983, Camilla Collett blei portrettert på 100-kronesetelen frå 1977, som første kvinne på ein norsk pengesetel, og 50-kronesetelen som kom i 1985, fekk nynorsk tekst med NOREGS BANK.

Baksidemotiva på denne serien viste eldre norsk kunsthandverk.

Setlane er utførte av Noregs Banks eigne grafikarar etter ein idé av Leif F. Anisdahl.

50-kronesetel

Utgitt 1985–1997, ugyldig frå 28.01.2008. Antal: 204 280 000. Format: 135 x 67 mm.

50-kroneseddel, forside

Framside: Portrett av Aasmund Olavsson Vinje.

50-kroneseddel, bakside

Bakside: Detalj frå Hylestadportalen.

100-kronesetel

Utgitt 1979–1997, ugyldig frå 05.09.2008. Antal: 690 180 000. Format: 145 x 78 mm.

100-kroneseddel, forside

Framside: Portrett av Camilla Collett.

100-kroneseddel, bakside

Bakside: Vignett med sølvspenne frå 1400-talet.

500-kronesetel

Utgitt 1991–2000, ugyldig frå 17.04.2011. Antal: 40 902 000. Format: 155 x 78 mm.

500-kroneseddel, forside

Framside: Portrett av Edvard Grieg.

500-kroneseddel, bakside

Bakside: Gammalt blomsterornament.

1000-kronesetel

Utgitt 1990–2001, ugyldig frå 26.06.2012. Antal: 56 525 000. Format: 155 x 78 mm.

1000-kroneseddel, forside

Framside: Portrett av Christian Magnus Falsen. 

1000-kroneseddel, bakside

Bakside: Omnsplate frå 1600-talet.

Sist endret 12. november 2012 08:49
Sist endret 12. november 2012 08:49